Bachelorprogram i statistikk
Programmet tilbys av
Introduksjon
Korleis kan vi vite at temperaturen på jorda stig? Og korleis kan vi finne metodar som kan hjelpe oss å spå kva som vil skje med bustadprisane? Ved å studere statistikk vil du bli i stand til å forstå kva som ligg bak ulike tal, og dermed finne svara på samfunnsnyttige og finansielle spørsmål.
Statistikk handlar om prinsippa og metodane for å samle inn og analysere informasjon. Statistiske metodar blir nytta overalt der det finst talmateriale. I samfunnet vårt i dag der det blir lagra og produsert informasjon heile tida, er det eit aukande behov for statistikarar. For eksempel ved utvikling av nye og betre medisinar. Her arbeider statistikarar saman med legar for å sette opp eksperiment og analysere resultata som blir produserte.
Det trengst god forståing av matematiske metodar på grunn av at metodane i statistikken er basert på matematikk. Statistikarar arbeidar saman med folk frå andre fagfelt for å løyse praktiske problem og for å rekne ut uvisse. Statistikk brukar datamaskiner til å organisere og analysere data, og gjennom studiet vil du få god kjennskap til dette.
Visste du at ...
Vi generer over 2,5 trillionar bytes med data kvar dag.
Studievegar
- Bachelor (3 år)
I det treårige studiet inngår emne innanfor statistikk og matematikk, som gir grunnleggande kunnskapar om sannsynsrekning, statistiske analysemetodar og generell matematikk. I tillegg kan du velje breiddefag frå andre fagfelt, for eksempel økonomi, fysikk eller biologi.
- Master
Etter bachelorprogrammet kan du ta eit toårig masterprogram i statistikk, enten i Matematisk statistikk, Dataanalyse eller Finansteori og forsikringsmatematikk, eller nærliggande fag, for eksempel Anvend og utrekningsorientert matematikk, Matematikk, Energi eller Medisinsk biologi.
- Forsking
Faggruppa i statistikk ved UiB forskar på problemstillingar innanfor bio- og medisinsk statistikk, utrekningsorientert statistikk, statistisk metode, samt finans og forsikringsmatematikk. Gruppa er eit av dei største fagmiljøa i Noreg innanfor statistikk.
- Sjå også desse studia
Matematikk for industri og teknologi, aktuar, informatikk-matematikk-økonomi (IMØ), fysikk, geofysikk, datateknologi, datavitskap, petroleum- og prosessteknologi, samfunnsøkonomi, lektorutdanning med mastergrad i naturvitskap eller matematikk.
Utveksling
Valfridomen i slutten av programmet kan nyttast til å ta eit studieopphald i utlandet. Det finst i dag mange alternativ for deg som ønsker å ta eit semester eller to av utdanninga i eit anna land. Universitetet i Bergen har mange utvekslingsavtalar, både i og utanfor Europa. På bachelorprogrammet i statistikk vel vi i tillegg ut spesielle samarbeidsuniversitet for å finne det fagtilbodet som passar best for våre studentar. På den måten får du tilbod om eit tilrettelagt utanlandsopphald som blir integrert i graden.
Sjå http://www.uib.no/matnat/utdanning/utveksling for meir informasjon.
Yrkesvegar
Statistikk er framtidsretta og ettertrakta kompetanse som gir deg mange moglegheiter. I dag arbeider det statistikarar innanfor industri, olje- og gass, finans, medisin, forsikring, offentleg forvaltning og forsking, og behovet for menneske med slik kunnskap vil vere aukande i tida framover.
Studiet leier naturleg til ein mastergrad i statistikk, enten i matematisk statistikk, dataanalyse eller finansteori og forsikringsmatematikk, men det gir også moglegheiter til masterstudium i nærliggande fag.
Når du har fullført dette studieprogrammet, får du graden bachelor i naturvitskap.
Søknadsprosedyre
For søkjarar med generell studiekompetanse er fristen for å søkje 15. april.
For spesielle søkjargrupper og for søkjarar med realkompetanse er fristen 1. mars.
Du søkjer gjennom Samordna opptak (SO).
Du finn søknadsskjema og meir informasjon på: http://www.uib.no/utdanning/opptak/samordna-opptak
Søk opptak til Universitetet i Bergen og til bachelorprogrammet i statistikk.
Opptakskrav
Generell studiekompetanse og
REALFA: Matematikk R1 eller (S1+S2) OG fordjuping i eitt realfag (R1+R2) eller FYS(1+2) eller KJE(1+2) eller BIO(1+2) eller INFO(1+2) eller GEO(1+2) eller TEK(1+2).
Meir informasjon finn du her: http://link.uib.no/?1jIFY
Tilrådde forkunnskapar
Undervisninga bygger på kunnskap som svarar til Matematikk R1+R2.
Poenggrense ved siste opptak
Nytt studium.
Antall studieplasser
10
Overgangsordninger
Finn ut kva program som er opne for intern overgang og korleis du søker: http://link.uib.no/?3S29o
Det er mogleg å byte studieprogram både haust og vår.
Oppbygging
Bachelorprogrammet i statistikk inneheld 100 studiepoeng med fagleg spesialisering. Dei siste studiepoenga kan du velje frå andre fag eller dei kan brukast til vidare spesialisering i statistikk.
Dei 100 studiepoenga med spesialisering må oppfylle desse krava:
Ein grunnpakke på ni emne som gir grunnleggande kunnskapar innanfor statistisk metode, stokastiske prosessar, statistisk inferens, matematisk analyse, lineær algebra, differensiallikningar og programmering
Eit prosjektarbeidsemne i statistikk, normalt i sjette semester.
Når du har fullført studieprogrammet ditt, skal du ha tileigna deg bestemte kunnskapar, ferdigheiter og generelle kompetansar. Desse er skildra i omtalen av studiet på: uib.no/math.
Meir informasjon
Ønsker du å vite meir, ta kontakt med studierettleiar på:
studieveileder@math.uib.no
55 58 30 30
| SP = studiepoeng, S = semester, A = anbefalt semester | ||||||||||||
| Valfritt | ||||||||||||
| SP | S | A | ||||||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| Utenlandsopphold, høst | - | - | ||||||||||
| Utenlandsopphold, vår | - | - | ||||||||||
| Exsamen philosophicum (krav: 10 SP) | ||||||||||||
| Du kan velje mellom to variantar av ex.phil. Seminarvarianten kan kun veljast i 1. semester. | ||||||||||||
| Vel eit av emna | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| EXPHIL-MNSEM | Examen philosophicum - seminarmodell | 10 | 1-6 | 5 | ||||||||
| EXPHIL-MNEKS | Examen philosophicum- skuleeksamen | 10 | 1-6 | 5 | ||||||||
| Spesialisering i statistikk (krav: 100 SP) | ||||||||||||
| Obligatorisk emne | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| MAT111 | Grunnkurs i matematikk I | 10 | 1-6 | 1 | ||||||||
| STAT110 | Grunnkurs i statistikk | 10 | 1-6 | 1 | ||||||||
| MAT112 | Grunnkurs i matematikk II | 10 | 1-6 | 2 | ||||||||
| MAT121 | Lineær algebra | 10 | 1-6 | 2 | ||||||||
| STAT111 | Statistiske metodar | 10 | 1-6 | 2 | ||||||||
| INF100 | Grunnkurs i programmering (Programmering 1) | 10 | 1-6 | 3 | ||||||||
| STAT220 | Stokastiske prosessar | 10 | 1-6 | 3 | ||||||||
| MAT131 | Differensiallikningar I | 10 | 1-6 | 4 | ||||||||
| STAT210 | Statistisk inferensteori | 10 | 1-6 | 4 | ||||||||
| STAT292 | Prosjektarbeid i statistikk | 10 | 1-6 | 6 | ||||||||
| Valfrie emne (krav: 70 SP) | ||||||||||||
| Vel fritt emne som til saman utgjer 70 studiepoeng | ||||||||||||