Forside > Nyheter

Kurs i forskingsmetoden Q-methodology


Forskarar og forskarspirer som er interesserte i Q-metoden kan nå melde seg på kurs ved University of Essex i England. Metoden søker å kombinere det beste frå kvantitativ og kvalitativ forskingsmetode.

Under Forskingsdagane i september i fjor fikk UiS besøk av professor Steven Brown frå Kent State University i USA. Brown er ein av dei fremste på metoden, og i sommar held han kurs frå 23. juli til 3. august ved University of Essex.

Arlene Thorsen ved Senter for åtferdsforsking, som sjølv brukar metoden i si doktorgrad, har tidlegare vore på kurs med Steven Brown. Ho anbefalar andre forskarar å prøve metoden.

- Kursa er lærerike og inspirerande. Fleire bør prøve dei, seier Thorsen, som nemner at University of Essex arrangerer fleire ulike kurs i perioden 9. juli til 17. august gjennom the 40th Essex Summer School in Social Science Data Analysis & Collection.

Har du spørsmål knytt til Q-metoden eller til kursa i Essex kan du kontakte arlene.thorsen@uis.no Du kan også lese meir om kursa i Essex her.


Sist endret av Ingeborg Dirdal (12.03.2007)

Skriv ut artikkel print symbol
Professor Steven Brown held kurs
Professor Steven Brown held kurs om Q-methodology i Essex i sommar.
LES MEIR OM Q-METODEN:
Professor Steven Brown presenterte Q-metoden under Forskingsdagane ved UiS i fjor. Les meir om Brown sitt besøk i Stavanger.