Spørsmål om norske stadnamn
Alle norske stadnamn på yr.no er fastsette av Statens kartverk. Dersom du finn feil i stadnamn, må du kontakte dei for å få retta det opp.
Kartverket har forvaltningsansvaret for stadnamn i Noreg. yr.no fylgjer vedtak i Kartverket konsekvent. Der det er fleire godkjende stavemåtar, held yr.no seg til ein av desse (som regel den som kjem fyrst i alfabetet).
Vi får oppdatert databasane våre frå Kartverket eit par gongar i året, og det kan difor ta noko tid frå Kartverket gjer vedtak om endring i stadnamn til endringa blir vist på yr.no.
Dersom du har tilbakemeldingar om norske stadnamn, kan du sende desse til forvaltningsansvarleg for stadnamn i Kartverket: Nils Jørgen Gaasvik, e-post gaanil@statkart.no .
Dersom du har tilbakemeldingar om kva stader yr.no har valt ut i kvar kommune (dei fem stadene som står lista opp i tabellane), kan du sende til oss via sida Spørsmål om tenester og innhald på yr.no .
Dersom du har tilbakemeldingar om stadnamn i utlandet, tek vi gjerne mot desse. Du kan sende inn desse vida sida Spørsmål om tenester og innhald på yr.no .
Siste saker frå yr.no
-
Følg uværet i Nordsjøen
- Hvorfor heter det orkan?
- Bølgevarsel opprettholdes
- Litt varmere, litt våtere
- Havet stiger dobbelt så raskt
- Trafikken kan øke i Arktis
- Falske ekko
- Permafrosten tiner
- Klimaeksperiment vant Prix Europa
- Varm høst
- Driftsproblemer på yr.no mandag
- Hvor er det snø?
- Varmere vinter
- Måling av snø
- Fredspris også til norske forskere
- Regnfest i Bergen
- Turist-Norge blir våtere og varmere
- Vietnamesiske landsbyer under vann
- Kjøligere og våtere vekstsesong
- Varmere enn normalen