|

På desse sidene finn du oversikt over studietilboda hjå kroppsøvingsseksjonen. Bruk menyen til venstre og gjer ditt val for å sjå nærmare omtale av dei einskilde studietilboda!
Grunnutdanning:
Fysisk fostring - 12 studiepoeng (4 vt)
Inngår som obligatorisk del av førskulelærarutdanninga 1. studieår.
Les meir>>
Utefag - 30 studiepoeng (10 vt)
Utefag er ei tverrfagleg fordjupningseining i 3. studieår på førskulelærarutdanninga, men studiet er også tilrettelagt med tanke på vidareutdanning. Studiet er retta mot arbeid med barn i førskule og småskule, med lik vekting og integrering av fysisk fostring og naturfaglige emner både i teori og praksis. Så langt som mogleg vil friluftsliv vere ramme for undervisninga, med vekt på leik og læring i naturen gjennom dei ulike årstidene. Gjennom opplevingar, aktivitetar og drøftingar skal faget stimulere til uteaktivitet med barn i barnehage og skule.
Les meir>>
Kroppsøving 1 - 15 studiepoeng (5 vt)
Denne eininga kan veljast som eitt av to praktiske fag i 3. studieår i allmennlærarutdanninga.
Studiet har fokus retta imot arbeidet som lærar i grunnskulen og er i samsvar med lærestoffet som er forpliktande for grunnskulen. Eininga er i stor grad praktisk retta utan å vera prestasjonsorientert. Vi legg vekt på at studentane får positive opplevingar og kunnskap gjennom aktivitetar i ulike miljø og ved instruksjon av andre. Du treng ingen spesielle erfaring eller forutsetningar for å ta denne studieeininga.
Les meir>>
Kroppsøving 2 - 30 studiepoeng (10 vt)
Kroppsøving 2 skal primært førebu studentane til arbeid i grunnskulen. der faget sitt praktiske innhald skal vektleggjast, samtidig som refleksjon og vurdering skal integrerast i det praktiske arbeidet. Kroppsøving 2 er den fyrste studieeininga på 30 studiepoeng (1.10vt) og kan veljast/søkjast som ei sjølvstendig eining med mulegheit til å utvide kroppsøving til eit 60 studiepoeng (20vt) ved å gå Kroppsøving 3 seinare eller den kan veljast/søkjast saman med Kroppsøving 3 i same studieår (Sjå Kroppsøving årseining (K2 + K3 = K4) 60 studiepoeng (20 vt)
Kroppsøving 2 kan veljast av studentar fjerde studieår i lærarutdanninga, søkjast av lærarar som vidareutdanning eller av andre studentar som ordinært studie. Den kan veljast/søkjast både av studentar som har kroppsøving 1 og av studentar som ikkje har kroppsøving 1 frå før.
Les meir>>
Kroppsøving 3 - 30 studiepoeng (10 vt)
Kroppsøving 3 er primært innretta mot arbeid i skulen der faget sitt praktiske innhald skal vektleggjast, samtidig som refleksjon og vurdering skal integrerast i det praktiske arbeidet..
Studieeininga kan veljast/søkjast av studentar som har Kroppsøving 2 frå før og vil utvide kroppsøving til 60 studiepoeng (20vt). Den kan veljast saman med Kroppsøving 2 i fjerde studieår, søkjast som vidareutdanning eller som grunnutdanning (Sjå Kroppsøving årseining (K2 + K3 = K4) 60 studiepoeng (20 vt).
Les meir>>
Kroppsøving 4 (K2+K3=K4) - 60 studiepoeng (20 vt)
Dette studiet er primært innretta mot arbeid i skulen, men kan også danne eit godt grunnlag for arbeid i andre felt. Studiet er også eit grunnlag for vidaregåande studier innanfor kroppsøving som t.d. mellomfag. Faget sitt praktiske innhald skal vektleggjast, samtidig som refleksjon og vurdering skal integrerast i det praktiske arbeidet..
Dette studiet er sett saman av Kroppsøving 2 og Kroppsøving 3 på 30studiepoeng (10vt) kvar og går over eit heilt år.
Studiet kan veljast i 4.år i lærarutdanninga, det kan søkjast som vidareutdanning for lærarar og det kan søkjast som grunnutdanning.
Les meir>>
Friluftsliv - 30 studiepoeng (10 vt), deltid
Studiet gjev ei generell rettleiarutdanning i friluftsliv for arbeid med barn og ungdom i barnehage, skule, skulefritid og fritid, og går over 4 intensive studiesamlingar. Studiet er tilrettelagt som deltidsstudium, og høver godt for dei som vil kombinere studier og jobb.
Les meir>>
Vidareutdanning:
Friluftsliv mellomfag - 60 studiepoeng (20 vt)
Omfattande innføring i friluftsliv både på det teoretiske og praktiske området, med stor vekt på opphald i ulike naturmiljø. Opptakskrav er fullført årseining i kroppsøving eller grunnfag i idrett.
Les meir>>
Skiutdanning på sommarsnø - 30 studiepoeng (10 vt)
Studiet gir kompetanse som andre halvårseining i kroppsøving. Det kan takast sjølvstendig eller inngå som del av årseining i kroppsøving saman med første halvårseining.
Studiet består av eitt grunnivå innan skileik og skiidrett, fjellskikurs og grunnkurs i brevandring.
Fordjupning innan eitt av emna brevandring, alpint, langrenn, telemark eller telemark/alpint. Studiet er organisert som to sommarsamlingar. Skiutdanninga foregår kring Stryn Sommarskisenter på Tystigen, Strynefjellet. Brekurset foregår på brearmane kring Jostedalsbreen.
Les meir>>
Felles for dei ulike studietilboda er at dei gjer til dels stor nytte av naturen på Sunnmøre og i Nordfjord. HVO ligg midt mellom Sunnmørsalpane og byd på svært varierte landskapsformer, med korte avstander frå fjord til kvasse tinderekkjer.
Bildet til venstre er frå "Bladet" på baksida av tinderekkja i Molladalen, Ørsta. Det er ikkje pensum å bestige denne pinakkelen..
Studietilbodet vårt er også presentert i Studiekatalogen til HVO. Du kan gå direkte inn her:
HVO Studiekatalog, seksjon for Kroppsøving.

Omgrepet "Studiepoeng" erstattar dei gamle vekttala i forholdet 3 studiepoeng=1 vekttal. Studiepoenga tilsvarar den internasjonale nemninga ECTS study points/credits.
Oppdatert 18. feb 2002
|