|
12 studiepoeng (4 vt)
Fysisk fostring i førskulelærarutdanninga er både eit sjølvstendig fagområde, og eit fagområde studentane vil møte i fleir- og tverrfagleg samanheng.
Faget skal gjennom teoriundervisning og praktisk-metodisk arbeid gi studentane innsikt i barns behov for rørsle, og korleis ein kan stimulere gleda ved å bruke kroppen gjennom fysisk aktivitet. Lærestoff som omhandlar barn i førskulealder vil sjølvsagt vere naturleg å prioritere.
Det skal og takast opp emne som går meir på vaksen-personen. Førskulelæraryrket er eit belastande yrke både fysisk og mentalt, og det vert difor avgjerande for kvaliteten i arbeidet, at den vaksne er seg bevisst kva som gjer ein sliten i kvardagen, og korleis ein kan rå bot med desse faktorane. Rolla den voksne har i tilknytning til barns leik vil påvirke leiken. Voksenrolla i leiken vil difor også verte belyst.
Fagplan fysisk fostring Studiehandboka >>

Barna trivst i fjellet!

Unge rekruttar på ski
Oppdatert 18. feb 2002
|