Skriv ut Sideoversikt |  


Avdelingar og fagmiljø
- Kulturfag
- Mediefag
- Humanistiske fag
og lærarutdanning
- Samfunnsfag og
historie

Biblioteket
Internasjonalisering
Studentsamskipnaden
Ivar Aasen-instituttet
Nynorsksenteret


Om Høgskulen / Kulturfag / Fagmiljø / Kroppsøving og friluftsliv / Studietilbod / Kroppsøving2 30 stp /

Kroppsøving 2

30 studiepoeng (10 vt)



Kroppsøving 2 er første eining av Kroppsøving grunnfag 60 stp (20 vt). Andre eining av K 4 er faget Kroppsøving 3.
Kroppsøving 2 skal primært førebu studentane til arbeid i grunnskulens 4.-6. klasse.

Mål
Gjennom studiet skal studentane tileigne seg:
- innsikt i samanhengen mellom fysisk aktivitet og helse og dei fagfelt som er knytta til denne samanhengen.
- innsikt i og erfaring med aktivitetar og arbeidsmåtar som kan vere eit ledd i førebyggjande helsearbeid.
- innsyn i og erfaring med tilpassa opplæring i kroppsøving.
- sjølvstende og samarbeidsevne i arbeid med faglege og fagdidaktiske oppgåver.
- teoretiske og praktiske føresetnadar for læreplanarbeid, undervisning , leiing og fornying i faget.
- perspektiv på idrett og friluftsliv i natur- og miljøsamanheng.








INNHALD
Denne eininga byggjer på den første 5 vekttals eininga, Kroppsøving 1.

Fagstoffet er bygd opp rundt dei fire hovudområda
1. Utvikling og læring
2. Trening og helse
3. Idrett i skole og samfunn
4. Fagdidaktikk og praksis

Ettersom alle dei fire hovudemna skal inngå i studiet, vil ein ta sikte på ei breidde- tilnærming til fagstoffet. Hovudemnet «trening og helse» skal vektleggjast spesielt, og ha eit særleg perspektiv på kroppsøvingsfaget sin plass i det førebyggjande helsearbeidet.

Faget kroppsøving har sin eigenart i arbeid med praktiske aktivitetar i ulike miljø, fagstudiet er difor knytt til praktiske aktivitetar: leik, idrett, dans, drama og friluftsliv, der fagdidaktiske problemstillingar og løysingar har ein sentral plass.

HOVUDEMNE 1 : UTVIKLING OG LÆRING
Gjennom arbeidet med dette hovudemnet skal studentene tileigne seg kunnskap om korleis læring av rørsler er bunden av både biologiske, sosiale og miljømessige tilhøve. Dei skal også tileigne seg innsikt i og erfaring med tilpassa opplæring i kroppsøving, herunder også spesialpedagogiske tiltak i kroppsøvingsfaget.

Delemne
- Fysisk aktivitet og læring.
- Aktivitetar og aktivitetsmiljø som kan fremme barn si heilskapleg utvikling og læring.
- Tilrettelegging, bruk og analysering av aktivitetsmiljø.
- Forseinka motorisk utvikling, funksjonshemmingar.

HOVUDEMNE 2 : TRENING OG HELSE.
Arbeidet med dette hovudemnet skal gi studentane innsyn i og røynsle med ulike rørsleaktivitetar, treningsformer og arbeidsmetodar med sikte på førebyggjande helsearbeid og idrett. Studiet skal gi kjennskap til helseopplysning og anna førebyggjande helsearbeid i samfunnet, og korleis rørsleaktivitet og fysisk trening kan brukast som behandling og i rehabilitering.

Delemne
- Treningslære og rørslelære.
- Tilpassa fysisk trening.
- Idrettsskader.
- Ergonomi og haldningsarbeid.
- Idrett og kosthald.
- Biologisk, psykologisk og sosiologisk grunnlag for trening og helse.

HOVUDEMNE 3 : IDRETT I SKULE OG SAMFUNN.
Gjennom arbeidet med dette hovudemnet skal studentane tileigne seg perspektiv på idrett og friluftsliv i natur- og miljøsamanheng, og oversikt over idrett tilrettelagt for ulike funksjonsnivå og ulike målgrupper.

Delemne
- Leik, idrett dans og friluftsliv for grupper med spesielle behov.
- Tverrfaglege aktivitetar, leirskuleverksemd.
- Idrett som samfunnsfenomen.
- Aktivitetsdagar, idrettsarrangement i skulen.

HOVUDEMNE 4 : FAGDIDAKTIKK OG PRAKSIS.
Arbeidet med dette hovudemnet skal gi studentane kunnskap om korleis kroppsøvingsfaget inngår som ein integrert del av grunnskulen sin samla omsorgs- og oppdragarfunksjon. Dei skal utvikle føresetnadar for å arbeide med problemstillingar der mål, innhald og arbeidsmåtar vert drøfta i forhold til individ, skule og samfunn. Studentane skal dessutan utvikle ferdigheiter i å kunne planleggje, leie, analysere og vurdere aktivitetar i ulike miljø for elevar på ulike funksjonsnivå. Studentane skal ha erfaring med instruksjons-arbeid i praktiske aktiviteter både med barn og medstudentar.

Delemne
- Kroppsøvingsfaget sitt verdigrunnlag
- Lærarrolla, leiing.
- Utforming av lokale læreplaner.
- Planleggjing, tilretteleggjing, leiing og vurdering av kroppsøving i grunnskulen.
- Tilpassa fysisk opplæring.
- Lover og forskrifter som gir rammer for lærararbeid i kroppsøving.





Bålkos om vinteren på Bjorli



Fjelltur i Molladalen


INNHALD I DEI ULIKE EMNA

Teoretisk del
Innhaldet her vil kome fram under delemne i kvart hovudemne og i forhold til kva som vert teke opp på K1 og K3.

* Utvikling og læring
* Trening og helse
*I drett i skule og samfunn

Idrettsteori skal gje kunnskap om rørsler, øvingar, regelverk, og sikringsrutinar knytt til fotball, basketball, friidrett, friluftsliv, orientering, RDD og symjing.

* Fagdidaktikk og praksis


Praktisk/metodisk del
Stoffutval og arbeidsmåtar siktar mot arbeid med kroppsøvingsfaget i 4.-6.klasse. Med utgangspunkt i aktivitetane på K1, vil ein gå vidare på ei innføring i dei utvalde idrettane, friluftsemna og den praktiske delen av treningslæra/helselæra.

Undervisninga vil vere prega av leik, problemløysingsmetode og stor eigenaktivitet for studentane.


Fotball
Spelevariantar og småspel, betinga spel, teknikk, taktikk og reglar tilpassa skulebruk.

Basketball
Spelevariantar og småspel, betinga spel, teknikk, taktikk og reglar tilpassa skulebruk.

Friidrett
Løpsskulering, enkle stafettar, ståande start, lengdehopp med tillaup, høgdehopp med tilllaup (gutestil), kast med liten-, stor- og slengball, kulestøt (til og med hinkestil).

Friluftsliv
Kystfriluftsliv med innføring i kystkultur, livet i fjøra/strandsona, fiske og båtbruk. To dagars kurs med overnatting i telt.

Orientering
Orientering i skulen, innføring i dei vanlegaste orienteringsvariantane og opplegg tilpassa undervisning i skulen, utvikling av studentane si eigenferdigheit i bruk av kart og kompass.

RDD (rørsle, dans, drama)
Rytmetrening, enkle folkedansar - norske og utanlandske, kreativ dans, aerobics og drama.

Symjing
Utvikling av eigenferdigheit i vasspolo og dei tradisjonelle symjeartene inkl. startstup og vending.

Praktisk treningslære (i samband med helse)

Uthald, styrke og ergonomi

TFO (tilpassa opplæring)
Om mogleg vert det praksis med funksjonshemma, 1 veke på Bjorli. Om ikkje vert det praktisk undervisning i Volda.


ORGANISERING OG ARBEIDSFORMER.
Kroppsøving krev varierte arbeidsformer. Studentane skal tileigne seg generell og spesiell teoretisk kunnskap og praktisk ferdigheit og innsikt i høve til ulike typar fysisk aktivitet. Ein vil variere mellom klasseromsundervisning, gruppearbeid, ekskursjonar, aktivitetar i nærmiljø/ symjehall/gymsal der ein gjer bruk av ulike undervisningsmetodar. Praktisk-metodisk innføring i ulike emne krev aktiv deltaking frå studentane. Studentane vil få trening i å planleggje, tilrettlegge og gjennomføre praktisk lærararbeid i kroppsøving.

Teoriundervisninga vil til vanleg foregå i samla gruppe, medan det ellers vil vere vanleg med grupper på inntil 20 studentar.


Kurs og ekskursjonar
1. Undervisning i kystfriluftsliv vil bli gjennomført som eit 2 dagars kurs med overnatting i telt. Studentane må regne med kostnadar på dette kurset samt fråvær frå heimen inntil 2 dagar.

Det vil bli gitt praktisk røynsle i arbeid med funksjonshemma i samband med Kurs- og vinteraktivitetsveka på Bjorli. Dette er eit tilbod til funksjonshemma og eit samarbeidsprosjekt mellom Idrettens Studieforbund Møre og Romsdal og Kroppsøvingsseksjonen ved ALU/HVO. Studieåret varte kurset frå søndag til fredag og ga ein kostnad på kr. 250 pr. student.

Alternativt kan det verte arbeid med funksjonshemma i samarbeid med vaksenopplæringssenter, PPT-kontor og / eller skuleklasser.


Undervisningsoppgåver
1. Dersom det let seg gjere bør studentane få praksis i kroppsøvingsfaget i samband med praksis i skulen ifylgje praksisplan for 3. studieår.

2. Kvar student skal planleggje og gjennomføre 2 kortare instruksjonsoppgåver med medstudentar etter oppgåve gitt av faglærar.


Individuelt skriftleg arbeid
Kvar student skal levere to eksemplar av ein individuell maskinskriven rapport. Nærare orientering vert gitt av faglærar.

Studieevaluering og fagkritisk arbeid
Studieevaluering og fagkritisk arbeid vert gjennomført i samsvar med gjeldande retningsliner godkjende ved Høgskulen i Volda.


VURDERING
Frammøte
Det vert vist til gjeldande framøtereglement for Høgskulen i Volda. Det er obligatorisk frammøte (dvs. minst 80% ) til praktisk undervisning og til kurs og ekskursjonar. Det er også obligatorisk frammøte til teoritimar knytta til førebuing av kurs, ekskursjonar og det individuelle skriftlege arbeidet. Eventuelle andre obligatoriske teoritimar vert oppgitt av faglærar.

For å få godkjent frammøte i dei praktiske aktivitetane må studentane vise interesse og ha aktiv deltaking.

I spesielle tilfelle kan eit frammøte på 70% godkjennast (i slike tilfelle skal fråværet dokumenterast), men då kan fråværet kompenserast ved visse typer arbeid. Døme på slikt arbeid kan vere:

* skriftleg praktisk-metodisk oppgåve
* skriftleg fag-teoretisk oppgåve
* praktisk undervisningsarbeid med medstudentar

Denne typen arbeid kan også gjevast til studentar som har vore lite aktivt deltakande i praktisk aktivitet. (Td. pga. skader)

Med utgangspunkt i kvart einskild tilfelle, er det faglærar som avgjer kva type arbeid som må gjerast for å få studiet godkjent. Studentane har sjølve ansvaret for å halde kontroll med fråværet sitt.

Karaktergrunnlag
Reglar og retningsliner for avsluttande vurdering er fastsett i «Lov av 12.mai 1995 nr.22 om universiteter og høgskoler» og gjeldande «Forskrift for eksamen ved Høgskulen i Volda».

For å få godkjent 5-vekttalkurset må ein ha godkjent frammøte til alle obligatoriske delar, ha tilfredsstillande eigenferdigheit, gjennomført pålagde oppgåver og eksamen med bestått resultat, samt fått godkjent 1. 5-vekttalseining.

Eigenferdigheit med initiativ, deltaking og medansvar
Dette vert vurdert til godkjent/ ikkje godkjent og gitt på grunnlag av observasjon av studenten i studietida.


Pålagde oppgåver
Dei to instruksjonsoppgåvene vert vurdert til godkjent/ikkje godkjent.

Eksamen
For å få godkjent studiet må studenten oppfylle desse krava:

a) Godkjent frammøte til alle obligatoriske delar
b) Godkjent eigenferdigheit.
c) Gjennomført instruksjonsoppgåver med godkjent resultat.

På slutten av vårsemesteret vert det arrangert ein individuell skriftleg eksamen som omfattar både teoristoff og stoff frå dei praktiske emna. Varigheit 6 timar.

Endeleg karakter
Endeleg karakter vert gitt etter ein skala frå 1,0 - 6,0 med 1,0 som beste karakter og 4,0 som lavaste ståkarakter. ( karakter på 0,1 nivå)

Endeleg karakter vert sett på grunnlag av:

1. Individuelt skriftleg arbeid (50%)
2. Individuell skriftleg eksamen (50%)

Dei to delkomponentane er vekta slik det går fram av prosenttalet bak kvar komponent.

Strykkarakter (4,1 - 6,0) på ein av delkomponentene som inngår i sluttevalueringa medfører ikkje greidd som endelig karakter.


Ny/utsett avsluttande vurdering
Studentar som ikkje har nådd målet for studiet ved ordinær avsluttande vurdering eller som har hatt gyldig forfall ved pålagde oppgåver, kan få ny eller utsett vurdering etter reglar fastsett av høgskulen.

Studentar som ikkje får studieeininga godkjent pga. manglande frammøte til obligatoriske delar, må ta opp att heile studieeininga eller delar av denne slik høgskulen bestemmer.

Dersom ein student ikkje tilfredsstiller krava for å kunne gå opp til eksamen, fastset høgskulen det arbeids- og studieprogrammet som studenten må gjennomføre før han kan framstille seg til avsluttande vurdering, og tidspunkt for slik framstilling.

Pensum
Det vert levert ut fullstendig pensum-/litteraturliste ved studiestart

Fagplan K2 Studiehandboka (1999-utgåva) >>








Oppdatert 15. feb 2002



Skriv ut  Skriv ut
Oppdatert av Erik Fooladi 29.01.2003
Publisert med NetEd : Web publiseringsløsning