|
60 studiepoeng (20 vt)

Dette er eit fulltids studium som går over eit studieår. Studiet skal gje studentane ei grundig innføring i friluftsliv både på det teoretiske og praktiske området. Saman med erfaring frå rettleiing og frå turar og opphald i ulike naturmiljø, vil dette gje eit godt grunnlag for å arbeide med friluftsliv både i skuleverket og i andre samanhengar.
I studiet vil ein veksle mellom teoriundervisning ved høgskulen og kortare og lengre turar og opphald i ulike naturmiljø. Ein stor del av undervisninga vil dermed vere utandørs, med overnatting i telt, hytte, snøhole m.m. På teorisida vil ein mellom anna arbeide med: natur-og friluftslivslære, friluftslivspedagogikk, forvaltning, naturfilosofi, vitskapsteori og metodelære.
Opptakskrav er fullført årseining i kroppsøving eller grunnfag i idrett.
Studiet vil gje 20 vekttal i ein cand.mag.-grad og eit godt grunnlag for dei som siktar mot ei faglærarutdanning eller eit hovudfag.
Fagplan Studiehandbok >>.

Steiking i jordovn, Yksnøya

Seglas i god vind!

Teltleir under alpetindar

Brevandring, her ved Galdhøpiggen

Båtane er autentiske båttypar frå den gamle kystkulturen vår.
Oppdatert 18. feb 2002
|