|
30 studiepoeng (10 vt)

Skiutdanning på sommarsnø - 30 studiepoeng (10 vt)
Studiet er eit samarbeidstiltak mellom Høgskulen i Volda, Høgskulen i Sogn og Fjordane, Møre og Romsdal Idrettskrets, Sogn og Fjordane Idrettskrets, skulekontoret i Stryn og Noregs Skiforbund. Gjennom praktisk og teoretisk undervisning tek ein sikte på å gi studentane brei røynsle i fagområdet ski- og snøaktivitetar for arbeid i skule og frivillig idrett. Studiet gir kompetanse som skiinstruktør/trenar og turleiar på ulike nivå. Studiet kan nyttast i lærarutdanningssamanheng.
Undervisninga vert gitt i samlingar i Stryn. Studiet vert finansiert med studieavgift. Avdeling for lærarutdanning v/kroppsøvingsseksjonen har fagleg medansvar.
KOMPETANSE
Høgskulekompetanse
Studiet gir 10 vekttal i kroppsøving. Det kan takast sjølvstendig eller inngå som del av årseining i kroppsøving. Det kan inngå i del av 4 - årig lærarutdanning, adjunkt/ cand. mag. utdanning, adjunkt med opprykk, og embetseksamen.(Men gir ikkje automatisk innpassing på NIH.).
Studiet gir:
- skileikleiarkompetanse
- grunninnføringskurs i snowboard.
- Trinn 1 i skitrenarutdanninga i alpint, langrenn eller telemark
Brekursa er utarbeidde spesielt for utdanninga og ligg nær opp til DNT sine kurs m.o.t. innhald og omfang.
Fordjupingsnivå
Studentane vel eitt fordjupningsemna: brevandring, alpint, langrenn, telemark eller telemark/alpint. Fordjupningsnivået er ei vidareføring av grunnivået, og forutset at studentane har sett seg inn i dei teoretiske emna føreåt (gjennom brevkursa). Undervisninga er praktisk, teori vert integrert m.a. instruksjonsmetodikk.
Fordjupningskursa er under stadig utvikling, og det er mulig at andre kurs kjem i tillegg til dei nemnde.
ORGANISERING OG ARBEIDSMÅTAR
Studiet er organisert i to sommarsamlingar a 14 dagar. Mellom samlingane skal studentane arbeide med 4 innsendingsbrev, prosjektarbeid og praksis.
Undervisninga på sommarsamlingane vil i all hovudsak vere praktisk, med noko teoriundervisning i klasserom. Arbeidsmåtane vil variere mellom formidlande, lærarstyrt undervisning i større og mindre grupper og meir problemløysande, studentaktive arbeidsformer.
IKT vil så langt det er naturleg bli brukt i presentasjon av fagstoffet og studentane vil få tilgang til programvare tilpassa kroppsøving.
Det vil bli gitt opplæring i bruk av relevant elektronisk kommunikasjonsutstyr som t.d personsøkeutstyr for skred, pulsklokke etc,
Innsending av brev og øvrig kommunikasjon mellom faglærarane og studentar vil i stor grad basere seg på bruk av internett.
Fagplan Kroppsøving «Snø og ski» Studiehandboka >>
Oppdatert 18. feb 2002
|