|
|
Siktemålet med studietilbodet er å tilføre både skuleverket og idretts- og friluftsorganisasjonane kompetanse som kan utvikle og føre vidare dei tradisjonane som skiaktivitet og vinterfriluftsliv har i Noreg.
Skiaktivitet og friluftsliv i skulen vert oftast lagt til eigne aktivitetsdagar og til leirskuleopphald. Ein del stader vert også nærområda rundt skulane nytta, men etter alt å døme meir før enn no. Dei fleste barna gler seg og ser fram til skiaktivitetsdagar, nokre få gruar seg. Dei pedagogiske utfordringane og mulegheitene er store. Interesserte, entusiastiske og skulerte lærarar greier å skape vellukka, lærerike og individuelt tilpassa skiopplegg.
Det krevst innsikt både i praktiske skiaktivitetar og tilrettelegging, og forståing for skiaktivitetar sin plass og funksjon i skule og fritid.
Skiidrett er av dei mest tradisjonsrike idrettane i idrettslaga i Noreg. Skiskular har vorte arrangerte langt tilbake i tid både i regi av idrettslag og av andre. Nye skiidrettar kjem til. Idrettsskular med allsidige aktivitetsopplegg for barn veks fram. Allsidig skiaktivitet er ein viktig del av allsidig idrett. Idretten, reiselivet, og ulike lag og organisasjoner har eit veksande behov for utdanna ski-instruktørar som kjenner meir enn ein skiidrett, og som har god forståing for det å undervise og leggje til rette for aktivitet både for barn og vaksne.
Skiturar i fjellet er eit særnorsk fenomen. Det same er brevandringa. Dette gir store mulegheiter for trim og trivsel som andre land ikkje har. Men kvart år høyrer vi om ulukker og uhell i fjellet. Driv ein det lenger enn til korte søndagsturar, vert kunnskaper, forståing og haldningar til å ferdast i fjellet viktigare. Vi kan her nemne stikkord som ras- og snølære.
Ein har hatt som siktemål, og greidd, å sameine kompetansegivande utdanning i kroppsøvingsfaget med skiidretten sine grunnkurs, og grunnleggjande kurs i vinterfriluftsliv og bre. Vi ser ei slik sameining som ein naturleg konsekvens av at det er dei same barna og ungdomane som er på skulen om dagen, og i skibakkar eller på fjellet om kveldar, i helgar og feriar. Å få innsyn i dei verdiane og den forståingsramme og metodikk som ligg til grunn for ulike måtar å drive opplæring på, meiner vi tener alle.
For studentane inneber det at dei får høgskule-kompetanse og kompetanse for idretten sine kurs samla. Dette er både tidsmessig og økonomisk gunstig, og gir ein brei kompetanse.
Denne fagplanen er vidare ei presisering av målet med studiet, lærestoffet, organiseringa, arbeidsmåtar, vurdering og krav som vært stilt, og litteraturen som blir brukt. Planen har sitt grunnlag i studieplan for allmenlærarutdanning (1992), idretten sine skileikleiarkurs og B-kurs, og i eigne grunn- og vidaregåande kurs på bre.

Mål
Hovudmålsetjinga er å gi studentane ei best mogeleg innsikt i og røynsle med ski- og snøaktivitet, og ei generell innsikt i fysisk aktivitet som fagområde.
Dette vil ein søkje å oppnå ved å:
- arbeide med det grunnleggande kunnskapsstoffet innanfor emneområdet
- skaffe seg - og utvikle eigendugleik og dugleik i å tilretteleggje og rettleie aktivitet.
- gjennomføre forsøks- og utviklingsarbeid.
KOMPETANSE
Høgskulekompetanse
Studiet gir kompetanse som andre halvårseining i kroppsøving. Det kan takast sjølvstendig eller inngå som del av årseining i kroppsøving saman med første halvårseining. Det kan inngå i del av 4-årig lærarutdanning, adjunkt/ cand.mag.-utdanning, adjunkt med opprykk, og embetseksamen. (Men gir ikkje automatisk innpassing på NIH.).
Skiinstruktørkompetanse
Studiet gir:
- skileik-leiarkompetanse (erstattar dei gamle aktivitetsleiarkursa). Kvalifiserer for vidare utdanning på høgare trinn.
- Grunninnføringskurs i freestyle, monoski og snowboard.
- Trinn 1 i skitrenarutdanninga (erstattar dei gamle B- kursa) i alpint, langrenn, telemark
Brekursa er utarbeidde spesielt for utdanninga og ligg nær opp til DNT sine kurs m.o.t. innhald og omfang.
INNHALD I STUDIET
Praktiske emne: Desse vert delte i 2 nivå: grunnivå og fordjupningsnivå.
Grunnnivå
Skileikleiar: 24 timar.
Utprøving av flest mogeleg aktivitetar på flat mark og i unnabakke. Preparering og tillaging av aktivitetsområde. For å syne samanhengen mellom skileik og ski-idrett, vert det lagt vekt på å bruke leikaktivitetar også i dei spesielle skidisiplinane.
Langrenn: 6 timar.
Grunnleggjande teknikkar og ferdigheiter i snøskøyting og klassisk langrenn.
Skihopp: 6 timar
Grunnleggjande teknikkar og ferdigheiter i skihopp.
Bygging av hoppbakkar.
Alpint: 12 timar
Grunnleggande teknikkar og ferdigheiter som er felles for alle disiplinane i alpint.
Telemark: 12 timar
Grunnleggjande teknikkar og ferdigheiter i telemark, i preparert bakke og laussnø.
Andre aktivitetar: 12 timar
Innføring i, prøving og øving i nyare skiaktivitetar og meir spesielle aktivitetar som er i bruk, t.d. snowboard.
Fjellskikurs: 3 dagar
Dette kurset vil saman med brekurset gi ei innføring i vinterfriluftsliv. Det vil gi studentane opplevingar, røynsler og kunnskaper om det å ferdast i vinterfjellet og på bre. Sentralt i kurset står: tur etter evne-prinsippet, bivuakkering, orientering i vinterfjellet, sikre og gode vegval, skibestigning, skredvurdering, kamerat-berging, utstyr.
Grunnkurs i brevandring: 5 dagar
Siktemål: Å gi ei innføring i tradisjonell norsk brevandring som friluftsliv, med hovudvekt på praktisk erfaring - men med noko utfyllande teori. Etter avslutta kurs bør deltakarane ha nødvendige føresetnader for å kunne planleggje og gjennomføre lettare breturar saman med kameratar som har nokolunde same bakgrunnen.
Innhaldet i kurset
- Utstyret for brevandring: Krav til utstyr. Tilpassing, bruk og stell.
- Måtar å ta seg fram på i småkupert lende. Bruk av isøksa til personleg støtte og sikring både i is og snø.
- Taulaget: Innbinding. Aktuelle knutar.
- Brevandring i blåis, og i snøområde. Vegval og vurdering av snøbruer. Vurdering av vanskegrad i høve til føresetnader i taulaget og hos den einskilde.
- Sikringsmåtar og taulagsrutinar.
- Kameratredning i blåisområde, og i snøområde.
- Orientering.
- Fjellet, breen og vêret.
- Om kva som er bre, og om korleis breen oppfører seg.
- Litt om brehistorie og om ferdsel på brear i Noreg.
- Turplanlegging for turar på bre. Tur etter evne - tenking.
Arbeidsform:
Aktiv deltaking og medansvar frå alle for ei best mogleg gjennomføring av kurset, er ein føresetnad. Det vil bli lagt opp til problemorientert formidling og rettleiing. Tur etter evne-regelen for kvar enkelt er sentral m.o.t. vegval og progresjon. Så langt tida og tilhøva tillet, er det eit siktemål at turen skal vera ramma og gje heilskap for det som skjer. Teorien bør i størst mogleg grad vera ein del av - og utfylle - den praktiske verksemda.
Tur med innlagt overnatting utomhus kan bli aktuelt.

FORDJUPINGSNIVÅ
Studentane vel eitt fordjupningsemna: brevandring, alpint, langrenn, telemark eller telemark/alpint.
Fordjupningsnivået er ei vidareføring av grunnivået, og forutset at studentane har sett seg inn i dei teoretiske emna føreåt (gjennom brevkursa). Undervisninga er praktisk, teori vert integrert m.a. instruksjonsmetodikk.
Fordjupningskursa er under stadig utvikling, og det er mulig at andre kurs kjem i tillegg til dei nemnde.
Brevandring: 5 dagar
Siktemål
Det skal vere naturleg å gå vidare på dette kurset anten søkjarane har Grunnkurs I eller II. Fordjupingskurset skal innebere eit reelt utviklingsalternativ og gi både breiare og meir djuptgåande innsikt og erfaring innanfor dei emneområda som blir gjennomgått på grunnkursa. Dessutan er siktemålet at deltakarane etter dette kurset skal bli i stand til å planleggje og gjennomføre trygt noko meir krevjande friluftslivsopplegg både i snø- og isområde. Dette inneber m.a. rettleiing og øving i trygg ferdsel over korte strekningar med brattare is eller snø, der det trengst forsvarleg sikring.
!
|