|
Ja, kvifor skal du eigentleg studere i utlandet?
Jo, fordi det er dumt å ikkje nytte høvet no medan du er student. Det er mykje lettare å dra ut frå Noreg no enn etter at du har begynt å jobbe…. Treng du fleire grunnar? ….Her kjem dei:
Først og fremst fordi det er kjekt!
Dei fleste som har studert i utlandet seier at det har vore noko av det kjekkaste dei har vore med på. Dei har fått ei mengd med nye vener og har fått opplevingar dei elles aldri ville ha fått. Mange vertsinstitusjonar skipar til ekstra aktivitetar for gjestestudentar, som gjev deg eit heilt anna inntrykk av landet enn det du ville ha fått som turist.
Fordi det er interessant og lærerikt!
Språk og kultur lærer og forstår ein betre når ein er på sjølve staden enn om ein berre les om det, og fleire og fleire arbeidsgjevarar veit å setje pris på denne kjennskapen. Dessutan krev det innsats å leve i og tilpasse seg ein annan kultur; det vitnar om stå-på vilje, evne til å sjå nye høve og å ta sjansen når han byd seg. I tillegg kjem den personlege utviklinga av å leve i eit annleis miljø der mykje nytt hender heile tida.
Rett og slett fordi det er noko heilt anna!
Høgskulen i Volda og Volda har sjølvsagt mykje å by deg, men ein kan ikkje nekte for at vi lever i ein liten, avskjerma utkant av verda. Eit studieopphald i utlandet vil garantert gje deg heilt andre perspektiv.
Så difor ……
Sist endra 07/03/02
|