|
Utveksling
Høgskulen i Volda har samarbeid med fleire høgskular og universitet i utlandet.
Ved desse institusjonane kan vi tilby delstudiar frå to veker opp til eit år. Desse går inn i den utdanninga/akademiske graden du tek ved HVo. Det vil seie at vi godkjenner dei utanlandske tilboda før du drar, så du slepp tidkrevjande søknadsprosedyrar seinare. Desse studiane søkjer du gjennom HVo. Vertsinstitusjonen kan ofte hjelpe til med å finne deg ein plass å bu, anten på studentheim eller privat.
Mange stader er det slik at du i tillegg til å behalde udanningsstønaden frå Lånekassa òg kjem inn under gunstige stipendordningar, som dekkjer utgiftar til opphald og reiser til studiestaden. Du betaler heller ikkje skulepengar til vertsinstitusjonen når du reiser gjennom desse programma.
Dei fleste stipendordningane krev at du har studert i eitt år før du drar ut.
Ut på eige hand?
Vel du å dra til eit land/ein studiestad utanfor våre program/avtalar, må du gjere det meste sjølv. Eit godt tips er at du tidleg tar kontakt med lærestaden der du ønskjer å studere. Det er stor skilnad på prisen for skulepengar og levekostnader, så det kan løne seg å undersøkje dette.
Du må òg finne ut på førehand om du kan få studiet godkjent i ein grad i norsk utdanning. Mange har brent seg her. Hugs å sjekke om studiet er godkjent hos Lånekassa og kor mykje du kan få i stønad frå den.
Sist endra 07/03/02
|