|
Mediekunnskap årsstudium – 60 studiepoeng
Er du interessert i å lære om media si rolle i skule og samfunn? Mediekunnskap er eit praktisk og teoretisk studium som kvalifiserer for arbeid i grunnskule og vidaregåande skule. Mediekunnskap kan innpassast i fleire bachelorgrader ved Høgskulen i Volda.
Kompetanse Opptakskrav er generell studiekompetanse. Studiet kvalifiserer til arbeid i grunnskule og vidaregåande skule, og kan gå inn i ei 4-årig adjunktutdanning med vekt på humanistiske fag, og som det fjerde valfrie året i allmennlærarutdanninga. Studiet gjev 60 studiepoeng i cand. mag.-grad/bachelorgrad. Størstedelen av studiet kan og innpassast i dei treårige bachelorgradene i ”Media, IKT og design” og i ”Språk, kommunikasjon og media”. Det kan også gå inn som 1. år i bachelorgrad i informasjon og journalistikk, og gir innpassing til medievitskap mellomfag.
Innhald Studiet har ein didaktisk profil. Det vert lagt vekt på å skape innsikt i korleis massemedia fungerer på individ- og samfunnsnivå, og studentane skal utvikle eit aktivt og medvite forhold til eigen og andres mediebruk.
Studiet er samansett av fire modular:
• medievitskap 1 – 15 studiepoeng
• praktisk mediebruk (ikt, video, radio, avis og animasjon) - 15 studiepoeng
• mediedidaktikk med prosjektoppgåve og praksis - 15 studiepoeng
• medievitskap 2 – 10 + 5 studiepoeng
Arbeidsformer Undervisninga vekslar mellom førelesingar i storgrupper, prosjektarbeid, problemorienterte og studentaktive læringsformer. I tillegg kjem fleire skriftlege oppgåver, kurs i praktisk mediebruk, skulepraksis og observasjonspraksis i mediebedrift.
Kontaktperson: Høgskulelektor Anne Steinsvik Nordal tlf. 70 07 51 97
|