Skriv ut Sideoversikt |  



Studietilbod 05-06
Biblioteket
Internasjonalisering
Studentsamskipnaden


Om Høgskulen / Humanistiske fag / Studietilbod / Adjunktutdanning /

 

Lærarutdanning i Volda: Fridom til å velje

 

Det er fleire vegar til undervisningskompetanse i grunnskule og vidaregåande skule. Ved Høgskulen i Volda du setje saman ei adjunktutdanning med fag som er tilpassa dine personlege interesser. Det finns mange spennande fag å velje mellom.

- Ved Høgskulen i Volda kan ein ta ei 4-årig utdanning der studentane gjennom kombinasjon av fagstudium og praktisk-pedagogisk utdanning kan få undervisningskompetanse og adjunktstatus i skuleverket. Samtidig får ein ei unik formidlingskompetanse som er nyttig også i dei fleste andre yrke,

Tilpassa studenten sine interesser.
Frå hausten 2003 vil høgskulen gjere opptak til ei samanhengande 4-årig adjunktutdanning som inneheld 3 år med frie fagstudium og 1 år praktisk-pedagogisk utdanning (PPU). Studentane kan kvart år gjere frie val av fag og setje saman ei fagutdanning i følgje individuelle ønskje og interesser. Ein kan t. d. prioritere to praktiske og estetiske fag eller to samfunnsfag, realfag og humanistiske fag på 60 og 90 stp. Tidlegare gjennomførte studium kan innpassast i 4-årig adjunktutdanning v/HVO etter søknad. Sjå modellar under.

 

Må ha praktisk-pedagogisk utdanning
- Studentar som etter 3 år fagstudium har fullført 180 studiepoeng (stp) der minimum to skulefag ligg inne med 60 og 90 stp, vil utan nærare søknad kunne fullføre 1-årig PPU og sikre seg lønsstatus som adjunkt etter 4 år.

 

Valfrie studium
Høgskulen i Volda og Avdeling for lærarutdanning tilbyr ei rekkje fagstudium som kan gå inn i ei adjunktutdanning. Avdeling for lærarutdanning har særleg profilert seg gjennom praktisk-estetiske fag som musikk, kroppsøving og friluftsliv, kunst og handverk, drama m. m.

 

Følgjande 17 skulefag/emneområde for arbeid i skulen kan vere med i valtilbodet dei første 3 åra i den 4-årige adjunktutdanninga:

Praktiske og estetiske fag:
Kroppsøving, Friluftsliv, Skiutdanning, Drama, Kunst og handverk, Musikk, Heimkunnskap

Humanistiske fag:
Norsk, Engelsk, Tysk, Historie

Realfag:
Matematikk, Naturfag

Samfunnsfag:
Samfunnsfag, IKT, Mediekunnskap

Religion/etikk:
Kristendom med livssynsorientering (KRL)

 

Døme på adjunktudanningar

Estetiske fag:
Bachelor i Musikk 180 studiepoeng (stp)
PPU 60 stp

Drama 90 stp
Kunst og handverk 90 stp
PPU 60 stp

Realfag og humanistiske fag:
Bachelor i historie, kultur og samfunn 180 stp
PPU 60 stp

Matematikk 90 stp
Natur og miljøfag 60 stp
IKT 30 stp
PPU 60 stp

Bachelor i Litteratur og kultur 180 stp
PPU 60 stp

Praktiske fag:
Bachelor i kroppsøving og frilufstliv 180 stp
PPU 60 stp

Samfunnsfag- og humanistiske fag:
Samfunnsfag 30 studiepoeng
Kristendomskunnskap 90 studiepoeng
Tysk 60 studiepoeng
PPU 60 studiepoeng

Samfunnsfag- og humanistiske fag:
Samfunnsfag 30 studiepoeng
Kristendomskunnskap 90 studiepoeng
IKT 60 studiepoeng
PPU 60 studiepoeng

 

Denne 4-årig adjunktutdanninga vert ikkje annonsert gjennom nasjonalt Samorda opptak. Vi viser til søknadsskjema for lokalt opptak v/HVO.



Skriv ut  Skriv ut
Oppdatert av Humanist Humanist 21.01.2004
Publisert med NetEd : Web publiseringsløsning