Skriv ut Sideoversikt |  


Avdelingar og fagmiljø
- Kulturfag
- Mediefag
- Humanistiske fag
og lærarutdanning
- Samfunnsfag og
historie

Biblioteket
Internasjonalisering
Studentsamskipnaden
Ivar Aasen-instituttet
Nynorsksenteret


Om Høgskulen / Humanistiske fag og lærarutdanning / Matematikk /

Matematikk

Ordet matematikk vekkjer mange assosiasjonar. Matematikk er eit innhaldsrikt begrep som det er vanskeleg å gi ein kort definisjon av. Matematikk er både vitskap og verkty, og kan mellom anna brukast til å strukturere og systematisere verda i kring oss. I fleire tusen år har matematikken blitt utvikla for å tene som fundament for problemløysing og kunnskapsbygging.

For at kvart enkelt individ skal kunne ta del i det komplekse samfunnet vårt, vert matematikken ein viktig del av den enkelte si personlege utvikling. Såleis er matematikk eit sentralt fag på alle nivå i utdanningssystemet.

Alle har eit personleg forhold til matematikk, på godt og på vondt. For oss i matematikkseksjonen er det matematikk som skulefag som er det sentrale. Korleis kan vi gjere matematikkfaget meiningsfylt og relevant for alle elevar? Korleis kan faget engasjere og utvikle elevane si evne til problemløysing, strategisk og logisk tenking?

Les om studietilbodet vårt på studieinformasjonssidene.

Seksåringar kan lage symmetriske figurar, og tenke strategisk!!  

Studieplanar

Faglærarar                      

Seksjonleiar: Arne Kåre Topphol, tlf 7007 5363.



Skriv ut  Skriv ut
Oppdatert av Annette Fretheim Karlsen 01.10.2007
Publisert med NetEd : Web publiseringsløsning