|
Avdeling for humanistiske fag har det administrative ansvaret for dette studiet, men undervisninga vert gjennomført i tett samarbeid med avdeling for mediefag (medievitskap og praktiske kurs) og avdeling for lærarutdanning (IKT).
Innhald
Studiet har ein pedagogisk profil. Det vert lagt vekt på å skape innsikt i korleis massemedia fungerer på individ- og samfunnsnivå, og studentane skal utvikle eit aktivt og medvite forhold til eigen og andres mediebruk. Studiet er samansett av fire modular kvar på 15 studiepoeng:
- medievitskap
- mediedidaktikk med praksis
- data og web-design med teori og praktisk produksjon
- praktisk medieproduksjon (video, radio, avis og animasjon)
Arbeidsformer
Undervisninga vekslar mellom førelesingar i storgrupper, prosjektarbeid, problemorienterte og studentaktive læringsformer. I tillegg kjem fleire skriftlege oppgåver, kurs i praktisk mediebruk, skulepraksis og observasjonspraksis i mediebedrift.
Kompetanse
Opptakskrav er generell studiekompetanse. Studiet kan gå inn som det fjerde valfrie året i allmennlærarutdanninga, og kvalifiserer til arbeid i grunnskule og vidaregåande skule. Studiet gjev 60 studiepoeng i cand. mag. –grad. Studiet kan inngå i ei treårig bachelorgrad i ”Media, IKT og design”. Det kan også inngå som 1.år i bachelorgrad i informasjon og journalistikk, og gir innpassing til medievitskap mellomfag.
Meir informasjon.
Kontaktperson Anne Steinsvik Nordal, tlf. 70 07 51 97
|