|
Dette er eit fulltids studium som går over eit studieår. Studiet skal gje studentane ei grundig innføring i friluftsliv både på det teoretiske og praktiske området. Saman med erfaring frå rettleiing og frå turar og opphald i ulike naturmiljø, vil dette gje eit godt grunnlag for å arbeide med friluftsliv både i skuleverket og i andre samanhengar.
Opptakskrav er fullført årseining i kroppsøving eller grunnfag i idrett.
Studiet vil gje 20 vekttal i ein cand.mag.-grad og eit godt grunnlag for dei som siktar mot ei faglærarutdanning eller eit hovudfag.
|