Skriv ut Sideoversikt |  


Avdelingar og fagmiljø
- Kulturfag
- Mediefag
- Humanistiske fag
og lærarutdanning
- Samfunnsfag og
historie

Biblioteket
Internasjonalisering
Studentsamskipnaden
Ivar Aasen-instituttet
Nynorsksenteret


Om Høgskulen / Kulturfag / Fagmiljø / Kunst og Handverk / Kunst & handverk 1 /

Kunst og handverk 1 - 5vt

Studiet har eit omfang på 5 vekttal og er i dag lagt til 2.- og 3. semester i utdanninga.
Studentane skal i studiet ha tileigna seg grunnleggjande kunnskap om vår kunst- og formkultur, og i eit utval av handverksteknikkar innan nokre materialområder.


I tillegg skal studenten dokumentere fagdidaktisk innsikt og utvikle sine kreative evner.

Faget er her ved skulen delt inn i slike målområder:
- Fagdidaktikk
- Bilete/skulptur
- Bruksform/arkitektur.

Fagdidaktikken er lagt ut med eigne timar fordelt på 8 forelesingsøkter à to timar. Tema for vårsemesteret i studiet finn du her. Nærare utgreiing om delemna finn du i studiehandboka. Ein prøver òg til ei kvar til å knyte det fagdidaktiske innhaldet opp mot arbeidet som vert praktisert i ulike verkstadane.

Bilete/skulptur/bruksform/arkitektur er innhaldskomponentar i faget som det vert arbeidd med i nokre av verkstadane våre.
Ein er mellom anna innom testilrom, teiknesal, datarom, keramikkrom og treverkstad. Verkstadane står til studentane si rådvelde nær heile døgnet, og det praktiske arbeidet vil i hovudsak ha form av individuelt arbeid.
Dei fleste oppgåvene som vert gitt er problem- og prosessorienterte .
Det er obligatorisk frammøte til all undervisning på verkstadane.
Bruk av IKT som hjelpemiddel vil vere ein del av studiet, og kan vere ein viktig komponent i studentane sitt dokumentasjonsarbeid.
Organisering og arbeidsmåtar blir vurdert undervegs i studiet i gruppene for studiekvalitet.

Syner elles til meir informasjon i studiehandboka



Skriv ut  Skriv ut
Oppdatert av Erik Fooladi 29.01.2003
Publisert med NetEd : Web publiseringsløsning