Skriv ut Sideoversikt |  


Avdelingar og fagmiljø
- Kulturfag
- Mediefag
- Humanistiske fag
og lærarutdanning
- Samfunnsfag og
historie

Biblioteket
Internasjonalisering
Studentsamskipnaden
Ivar Aasen-instituttet
Nynorsksenteret


Om Høgskulen / Kulturfag / Fagmiljø / Kunst og Handverk / Kunst & handverk 2 /

Kunst og handverk 2 - 10vt

Dette studiet kan veljast både av studentar som har fullført kunst og handverk 1, og studentar som ikkje har den studieeininga. Dette gir eit differensiert løp for studentane. Studiet er organisert med ei felleseining på 5 vt for alle studentar. Dei studentane som har Kunst og handverk 1 frå før, gjennomfører Kunst og handverk 2 fordjupningseining(5 vt). Dei andre gjennomfører Kunst og handverk 1.


Innhald
Felleseininga(5vt) er organisert i fem målområde; fagdidaktikk, kunst og formkultur, bilde, skulptur og bruksform og vi vekslar mellom teori og praktisk skapande arbeid i eit didaktisk perspektiv.
Fordjupinga (5vt) er organisert etter prosjektmetoden. Studentane skal fordjupe seg i eit sentralt fagleg område. Dette arbeidet skal vere ein kombinasjon av skapande arbeid, teori og didaktisk refleksjon. Det praktiske arbeidet er vekta til 2/3 av fordjupinga. Sjå elles studiehandboka.

Arbeidsformer
Faget er eit utøvande fag der skapande og undersøkjande arbeidsformer står sentralt. Det praktiske arbeidet er i hovudsak individuelt, men gruppearbeid kan òg vere aktuelt. Å studere kulturens uttrykksformer er sentralt i faget, og i samband med det er studiereiser aktuelt.

Kompetanse
Studiet kan gå inn som del av 4.året i almenlærarutdanninga. I tillegg gir det grunnlag for opptak til Kunst og handverk 3



Skriv ut  Skriv ut
Oppdatert av Erik Fooladi 29.01.2003
Publisert med NetEd : Web publiseringsløsning