Skriv ut Sideoversikt |  


Avdelingar og fagmiljø
- Kulturfag
- Mediefag
- Humanistiske fag
og lærarutdanning
- Samfunnsfag og
historie

Biblioteket
Internasjonalisering
Studentsamskipnaden
Ivar Aasen-instituttet
Nynorsksenteret


Om Høgskulen / Kulturfag / Fagmiljø / Kunst og Handverk / IKT-Verkstad /

N/A

IKT som verktøy i kunst og handverk
Som det kjem fram både av L97 og Rammeplan for allmennlærarutdanning skal ein aktivt nytte IKT som verktøy i kunst og handverk. Bruk av IKT som hjelpemiddel og med pedagogisk programvare er difor ein del av studiet, og vert ofte brukt som ein komponent i studentane sitt dokumentasjonsarbeid.

Seksjon for Forming/Kunst og handverk har for å imøtekomme desse behova sett opp ein datalabb med nokre maskiner saman med skannar og nokre digitale kamera.

I faget kunst og handverk får studentane ved allmennlærarutdanninga nokre timar undervisning og rettleiing der ein mellom anna tek for seg digital bildebehandling ved hjelp av digitale fotoapparat, skanner og program som Photoshop og Paint Shop Pro

Det vert og gitt opplæring i søk etter kunst og formkultur på nettet.
Studentane som vel Kunst og handverk vil kunne disponere seksjonen sine datamaskiner i samanheng med utforming av eigne loggar/arbeidsbøker og i samanheng med temaarbeid, prosjektarbeid og FOU-arbeid.



Skriv ut  Skriv ut
Oppdatert av Erik Fooladi 29.01.2003
Publisert med NetEd : Web publiseringsløsning