Skriv ut Sideoversikt |  


Avdelingar og fagmiljø
- Kulturfag
- Mediefag
- Humanistiske fag
og lærarutdanning
- Samfunnsfag og
historie

Biblioteket
Internasjonalisering
Studentsamskipnaden
Ivar Aasen-instituttet
Nynorsksenteret


Om Høgskulen / Samfunnsfag og historie / Forvrett1 (Blank) / Arbeidsmengde /

Arbeidsmengde

Arbeidsmengde Arbeidsmengde

Kva krev studiet av arbeidsinnsats?
Studiet har eit omfang på 15 studiepoeng og går over eit semester. Dette studiet er lagt opp som eit deltidsstudium, dvs. at det skal vere mogleg å gjennomføre det i kombinasjon med jobb eller andre studiar. Normal studieprogresjon for heiltidsstudium er 30 studiepoeng kvart semester/halvår. Grovt rekna vil arbeidsmengda for dette studiet mao. vere halvparten så stor som for eit heiltidsstudium.

Det er vanskeleg å seie kva som er "normal" arbeidsinnsats for studiet. Studentane har ulike føresetnader og evner. Dei har ulike studievilkår, dvs. at enkelte har redusert stilling eller permisjon frå del av stilling medan andre må studere på kveldar og i helger. Vi har vore i kontakt med studentar som har opp til ein dag i veka permisjon til studiar. Her vil vi tilrå at de søkjer arbeidsgjevaren dykkar om å få permisjon (helst med løn) minimum nokre timar i veka slik at de kan studere eller ev. drive gruppeaktivitetar dersom det er andre ved arbeidsplassen dykkar som tek dette studiet. Mange arbeidsgjevarar vil sjå seg tent med ei slik ordning i og med at dette vil styrke sjansane for at de når dette semesteret er ferdig returnerer til arbeid med styrkt kompetanse.

Studentane vil også velje å studere på ulike måtar. Nokon vil berre lese pensumlitteratur, medan andre vil engasjere seg i gruppeforum og oppgåveskriving i større grad. I samband med evalueringa av eitt av nettstudia hausten 1999 spurde vi studentane om korleis dei brukte tida si på ulike studieaktivitetar. Her var naturleg nok mange svært usikre, og det var store variasjonar når det gjaldt korleis studentane brukte tida si. Ut i frå tala verkar det som studentane har nytta desidert mest tid til å lese pensumlitteratur; 77.4 timar i snitt totalt gjennom heile studiet. Dei har vidare fordelt tida om lag likt mellom førelesingar (18.5 timar i snitt) og oppgåveskriving (16.5 timar i snitt), medan minst tid er nytta til gruppeaktivitetar (3.9 timar i snitt). Her er det altså variasjonar i korleis studentane vektlegg ulike studieaktivitetar, og truleg vil det også skje endringar frå semester til semester. Sjølv om det kan vere vanskeleg å vurdere kva som er "normal" arbeidsinnsats, er det i alle høve heilt sikkert at det krevst arbeidsinnsats for å kome gjennom studiet. Så det er berre å stå på.

Tilbake til hovudside nettstudium



Skriv ut  Skriv ut
Oppdatert av Kjell-Einar Dagfinrud 07.02.2003
Publisert med NetEd : Web publiseringsløsning