|
Navigasjon, forum og personlig side
Innføringsleksjon: Navigasjon, verktøy og personlig side
Her kjem litt om det viktigaste verktøyet vi skal bruke i
studiet, nemleg dataprogrammet kalla Classfronter (CF). All undervisning på
dette studiet går føre seg på nettet via dette dataprogrammet. Sidan CF er
basert på Internett, kan du gå inn på studiet frå alle stadar der du har tilgang
til Internett. Alle kurs som nyttar CF, har minst eitt virtuelt rom som dokument
og andre læringsressursar vert plassert i. Alle undervisningsaktivitetar er
alltid knytt til kursroma.
Kva er Classfronter?
CF er di skulebygning på nettet. Ditt brukarnamn og passord
fungerer som dine nøklar i skulebygningen. Nøklane dine passar til eit eller
fleire Rom inne i skulebygningen, som du dermed får tilgang til og kan gå inn
i.
Roma er fylt med møblar (dataspråk: moduler) for å dekke
den funksjonen som Romet er tiltenkt. Dersom du har gått inn i eit undervisningsrom
så vil dette typisk vere møblert med ei bokhylle (dataspråk: arkiv for lagring
av dokumenter og fagstoff), det kan vere ei tavle (dataspråk: for skribling
på ei felles tavle), det kan vere eit konferansebord (dataspråk: for å føre
diskusjonar), det kan vere ein timeplan (dataspråk: kalender for oppføring av
avtalar, innleveringar). I eit gruppe- eller kollokvierom kan det vere andre
møblar, eller også kalla tenester. Det same gjeld for kantina, lærarromet, osb.
Alle har ulik innreiing. Når du låser deg inn på skulen (dataspråk: loggar deg
inn) vil du ha tilgang til eitt eller fleire Rom.
Skjermbileta er henta frå nokre av roma. Der kan vere nokre
avvik mellom dei skjermbileta vi har brukt som døme her og dei de møter i dei
roma de har tilgang til, men forskjellane er små. Skjermbiletet si inndeling,
navigasjonen og funksjonaliteten i det vi skal behandle her er identisk.
Innhald i innføringsleksjonen
”Innføringsleksjonen” har fem delemne:
Del 1: ”Navigasjon” dreier seg om å finne fram på
studiesidene og om enkel navigering i Classfronter.
Deretter kjem tre delleksjonar som tar for seg nokre av dei
mest brukte verktøya i ClassFronter.
Del 2: ”Leksjonar” dreier seg om førelesingane/fagstoffet
som blir lagt ut.
Del 3: ”Forum” dreier seg om nettstudentane sitt virtuelle
klasserom. Her kommuniserer du med dine medstudentar og faglærer. Dersom du
er aktiv på forum betalar det seg garantert i form av auka læring. Det er oppretta
eit verktøy i klasserommet dykkar kalla "Forum".
Del 4: ”Oppgåver” dreiar seg om korleis innlevering
av oppgåver går føre seg.
Til slutt kjem ein delleksjon
Del 5: ”Personleg side” handlar om korleis du kan
legge inn informasjon og bilete på sida di. Dette oppfordrar vi dykk til å gjere.
På den måten får tastetrykka et ansikt, eller i det minste ein illustrasjon
:-)
Framfor alt: Ikkje ver redd for å gjere noko gale. Det er
det du lærer av... også i denne leksjonen!
Del 1. Navigasjon
Korleis finne fram på studiesidene
Slik finn du fram til studiet: Gå til: http://www.hivolda.no/asf/avdelingsside/index.html.
Der finn du ei lenke til Nettbaserte studiar i venstre margen. Her finn du eit
oversyn over nettstudia ved Avdeling for samfunnsfag. Trykkjer du på lenkja
for ditt aktuelle studium kjem du inn på ei side der du finn informasjon om
studiet som studieplan, pensum, eksamen m.m. Alle undervisningsaktivitetar
på studiet går føre seg på nettet via eit dataprogram kalla Classfronter (CF).
På studiet si nettside finn du ei lenke til innloggingssida, http://www.hivolda.no/studentkontoret/nettundervisning/index.htm.
Når du loggar deg inn vil du få tilgang til undervisningsaktivitetane knytt
til det studiet du er oppteken på.
Rettleiing når du har kome inn i Classfronter
Etter at du har logga deg inn på CF kjem du inn på ei startside som består av:
- ei rad (helt øvst) med funksjonane Dagens, Kontaktar,
Kalender og Mitt Arkiv
- deretter kjem ei rad med høve til å velje eit (virtuelt)
kursrom (Rom:), og høve til å få hjelp og logge seg ut
- hovudvindauget inneheld informasjon (Kalender, Nyheiter
osv.) frå dei kursa du er meldt på
- i tillegg inneheld hovudvindauget namn på den som er
logga inn og diverse informasjon om CF (Omvisning, CF) og høve til å tilpasse
(Tilpass) hovudvindauget, dvs. bestemme kva informasjon ein vil ha vist der
Ved å trykke på nedtrekksmenyen til høgre for Vel... får du ei oversikt over
dei kursroma du har tilgang til, og kan "gå" til kursroma for det
aktuelle kurset ved å velje det frå menyen.
Etter at du har valt eit kursrom kjem
dei funksjonane (verktøya)som finnes i det romet til syne i venstre kolonne.
Samtidig får du kursintern informasjon presentert i hovudvindauget.
I CF møter du heile vegen til to typar
Rom.
Det eine er ditt personlege rom, som alltid ligg på toppen (inneheld
vanlegvis kalender, kontaktar, dokument). Det personlege romet i CF inneheld dine personlege tenester. Det er administrator
som set opp kva tenester du skal ha i ditt personlege Rom, og dette kan variere
frå brukar til brukar. Du vil likevel alltid ha tenesta Dagens. Elles er det
vanleg med tenester som E-post, Kalender, Kontaktar, Dokumenter, osv.
Det andre er fellesrom, som du
finn i Rom-veljaren (inneheld forum, arkiv, lenkjer, m.m.). Fellesroma er lukka
Rom der tenestene og innhaldet er reservert for dei som har nøkkel til dette
Romet, dvs. at dei er deltakar i Rommet og kan gå inn.
Her finn du ei lenke til ei side som gir nærare informasjon
om korleis Classfronter er bygt opp og verkar: http://www.hivolda.no/studentkontoret/nettundervisning/arkiv_gamle_filer/nettundervisning_v23/index.htm
Del 2. Leksjonar
Opne ein leksjon
Når du skal opne ein leksjon, vil du i dei aller fleste tilfella finne leksjonen
som ei fil under eitt av verktøya i venstre margen, i ei mappe som faglærar
har oppretta for det føremålet. Mapper vert
ofte brukt for å holde orden på leksjonane/filene. Mappene har eigne namn og
samlar leksjonar/filer som høyrer saman. Ei mappe kan innehalde ei eller fleire
undermapper. Mappene er ein måte å organisere store mengder informasjon på.
Her er eit døme på korleis dette kan sjå ut:
Dersom du trykker på lenka ”Leksjonar”, vil du gjerne finne
ei undermappe for kvar leksjon, slik som dette:
Kvar av desse mappene vil innehalde leksjonar, men dei kan
også innehalde t.d. lenker og forum der de kan diskutere fagstoffet. Trykker
dei på ei av mappene vil innhaldet kunne sjå slik ut:
Og då er det berre å trykke på leksjonen/fila så vil den
opne seg, og de kan lese den.
Lagring av leksjonar/filer
Når du har framme ei nettside kan det vere greitt å lagre
den på maskina di slik at du kan studere den i fred og ro. Særleg vil nok dette
gjelde når du får større leksjonar som er sette saman av mange kapittel. Det
er berre å trykkje på skrivarsymbolet, eller gå til rullegardinmenyen som heiter
”Fil” heilt oppe til venstre og så trykkje ”Skriv ut” – heilt på vanleg måte.
Men dersom du vil lagre dokumentet på maskina, slik at du kan lese det på skjermen,
og kanskje lagre det i ei spesiell mappe, gjer du slik:
Trykk på Fil heilt oppe til venstre i Nettlesaren.
Gå nedover rullegardina og trykk på ”Lagre som..”
Det som no skjer, er at det vert opna eit dialogvindu for
fillagring. Om du nyttar WIN98 eller nyare, vil automatisk mappa "mine
dokumenter" bli opna. Lagre gjerne her, det er det Windows legg opp til,
men det er opp til deg. Det viktigaste er å hugse kva du lagra kvar. Og gi
det du lagrar fornuftige namn.
Om du er meir eller mindre einaste brukar av maskina, bør
du lage deg ein eigen mappestruktur under "mine dokumenter" som du
nytter i studiet.
Etter du har lagra kan du gjerne avslutte nettlesaren din.
Telefonlinja blir då nedkopla (nokre oppsett krev at du koplar ned manuelt),
og du kan arbeide vidare med stoffet utan å tenkje på at Telenor & co skal
ha sitt.
Del 3. Forum
Fjernstudentane sitt virtuelle klasserom
Forum er vår erstatning for klasserommet
til lokalstudentane. Nokon vil kanskje hevde at det er ei fattig erstatning,
men eit forum som fungerer kan faktisk få med mykje av klasserommet sin nærleik.
Forumkommunikasjon kan være forbløffande kreativt, samtidig som vi unngår "støy"
som tunge parfymer og dårleg ande ;-)
Når du stiller eit spørsmål på forum, kan alle som vil svare.
Dei kan ta seg god tid til å tenke over spørsmålet ditt... og sitt svar. Dette
skil forum frå såkalla "chat", eller "Nettprat" som du kanskje
har høyrt om i andre samanhengar.
Nokon av dykk har kanskje alt erfaring med ulike "diskusjonsforum"
...ofte dårlege erfaringar. GLØYM DET! I dette studiet er forum ein heilt nødvendig
arbeidsreiskap, og Kardemommeloven vert handheva strengt. For enkelte av dykk
er det difor nødvendig å "ta eit steg tilbake" og sjå på denne kommunikasjonskanalen
med nye auge.
Den mest grunnleggande føresetnaden for at forum
(eit kvart klasserom for den del) skal fungere, er at det er menneske tilstade
i det! Difor kjem faglærar til å passe på at det er aktivitet på dei ulike
foruma. Du vil også få konkrete oppgåver som skal svarast på fagforum for eit
gitt emne.
VIKTIG!
For å unngå feil må du ikkje trykke
på "oppdater-knappen" eller fram og tilbake-knappane i nettlesaren.
Kva er forum?
Omtrent slik som i figuren nedanfor ser eit av våre forum
ut når du har navigert deg fram til det. Eg brukar eit bilete frå eit forum
for administratorar som eksempel.
I dette forumet ser de at det er to hovudinnlegg; eitt med
tittelen ”Linkar” og eitt med tittelen ”Nokon som er inne her?” (NB!
De bør tilstrebe å lage titlar på innlegga som har relativt høgt presisjonsnivå
slik at det blir lett å sjå kva tema de tek opp). Oppe til høgre ser de at de
har høve til enten å lage ei ny mappe eller til å starte ein ny diskusjon.
I forumsamanheng kallar vi dette ein NY TRÅD. Grunnen til det, er at ei slik original
melding kan få mange forgreiningar nedover i systemet. Dette startar med eit
SVAR. Som du ser, har svaret fått
ei kode framføre seg (Send svar:) Slik kan
tråden fortsette i det teoretisk uendelige. Neste ledd er eit SVAR PÅ SVAR, som får koda ”Send svar: Send svar:”
og så vidare. Ein kan velje å svare på ei melding kvar som helst i strukturen,
enten det er et Svar (Send svar:) eller et svar på et svar (Send svar: Send svar:)
eller det sjuande svaret på eit sjuande svar for den saks skuld.... Passe forvirra
no?
Dersom de vil inn på eitt av hovudinnlegga, trykker de berre
på filene. Då kjem de inn i eit bilete som ser nokolunde slik ut:
Her ser de at de kan vise heile diskusjonstreet, dvs. alle
innlegga som er lagt inn ved å sette merke i boksen ”Vis heile diskusjonstreet”.
Då skal vi ta det pent og pynteleg og starte med å sjå på
korleis vi opnar og les ei melding som alt er i forum.
Eg vel først ei av meldingane, i dette tilfellet eit tilfeldig
valt innlegg frå eitt av roma. Dersom de set merke i boksen ”Detaljar”, får
de opp informasjon om kven som har skrive innlegget, når det vart skrive og
kor mange som har svart på det. Bit merke i det allereie no. Det er få som gidd
å svare på eit gamalt innlegg. Om det går lengre tid før nokon har svart...,
ikkje gi deg... skriv eit nytt. Teksta ”Nokon som er inne her?” er ei LENKE som opnar meldinga.
Slik ser meldinga ut når eg har opna den. Den meldinga eg
har opna, er UTHEVA. No har eg fleire
val etter å ha lest meldinga. Eg kan gå tilbake til oversikten på første nivå
i forumet ved å klikke på mappa: ”FORUM”. Eg kan lese andre meldingar, eller eg kan ”SVARE PÅ DENNE MELDINGA”. Eg vel å svare på meldinga.
No kjem den opphavlege meldinga opp på nytt, men no kan du redigere både TITTELEN
og meldingsteksta. Du ser også at Torbjørn Frantsen er dukka opp utheva i overkant...
som avsendar.
Du SKRIV INN ditt
svar i den Innhald-boksen. Når du er fornøgd, klikkar du på LAGRE.
(Dersom du har behov for å skrive ei meir avansert melding
kan du trykke på Editor-knappen. Då får du opp ei ny side der du kan
skrive inn melding, og i tillegg endre skrifttypar, fargar, sette inn bilete
m.m. Når du er fornøgd, klikkar du på Lagre-symbolet
, og
då kjem du tilbake til den sida der du svarer på meldinga, og trykker på Lagre-knappen
nede til høgre.)
Del 4. Oppgåveinnlevering
Ein annan sentral studieaktivitet ved nettstudiet er innlevering
av oppgåver med tilbakemelding frå faglærar. Vi skal difor ta ein rask gjennomgang
av korleis dette fungerer i Classfronter.
Vi går ut i frå ein tenkt situasjon der du har skrive ei
innleveringsoppgåve som du har lagra ein stad på di eiga maskin, klar for innlevering.
Dersom du er inne på romet og trykker på verktøyet ”Innlevering” (dette verktøyet
kan, avhengig av korleis faglærar har innreia klasseromet, enten ha ein eigen
verktøyknapp eller ligge som ei mappe i ”RomArkiv”). Du får då opp eit bilete
som ser nokolunde slik ut:
Her trykker du t.d. på LENKA ”1. innlevering” som opnar mappa. Då vil
biletet sjå slik ut før nokon har levert inn oppgåva si:
Her kan det stå ein omtale av mappa og kva tidsrom mappa
er open (mest aktuelt fram til ein innleveringsfrist). I tillegg ser de at der
er ei lenke kalla ”Last opp fil”. Når de skal levere oppgåva, trykker de på
denne lenka. Då får de opp ei side som ser slik ut:
Her trykker de på , og
deretter leitar de dykk fram til den staden der de har lagra oppgåva dykkar
og trykker ”Åpne”. I Tittel-feltet dykkar skriv de namnet dykkar (slik at det
blir lett å skilje oppgåvene frå kvarandre). Til slutt trykker de ”Lagre”. Dermed
er oppgåva innlevert.
NB! Det er berre faglærar
som vil sjå alle oppgåvene, og de vil dermed ikkje kunne sjå kvarandre
sine oppgåver.
Del 5. Personleg side
Korleis kome inn på personleg side
Ein får vite litt om kvar enkelt deltakar ved å klikke på
”Deltakarar” i et rom, eller søke opp ein person under ”kontaktar” på di personlege
verktøylinje. I slike namnelister ein finn her kan ein klikke på namnet til
vedkomande for å se på vedkomande sin presentasjon.
På din eigen dagens (den sida du får opp når du loggar deg
inn eller når du trykker på ”MinDagens”) finn du namnet ditt oppe til
venstre.
Ved å klikke på namnet ditt kjem du inn på di personlege
side.
Opplysningar
på personleg side
Personleg side har to føremål. For det første er det eit administrativt verktøy både for deg og for
oss. For det andre representerer personleg side ei muligheit til å minske avstanden
mellom menneska vi møter i dette fjernstudiet.
NB! Det er den e-postadressa du er ført opp med her som
styrer kvar vi sender informasjon i samband med studiet. Dersom du ikkje har
rett e-postadresse, kan vi miste kontakten med deg.
Sjekk om opplysningane vi har om deg stemmer. Vi
kan ikkje vite om noko er feilregistrert utan at du gir oss tilbakemeldingar.
Adresseopplysningane kan du endre sjølv, under "Oppdatering av studentopplysninger"
på Studentweb.
Dette er viktig for at vi skal kunne sende informasjon til riktig adresse og
kunne nå deg på telefon. Kontaktadresse er adressa til næraste pårørande. Dersom
noko av informasjonen ikkje stemmer og du ikkje sjølv kan endre den, eller om
du har spørsmål, send oss ein e-post ved å trykke på Henvendelser: studentkontoret@hivolda.no
Du kan også ringe Studentkontoret på telefon: 70 07 50 18 (10-14).
VIKTIG!
Også her er det ein dårleg ide å trykke på "oppdater-knappen".
Bruk lenker og knappar.
Legge inn meir informasjon på personleg side:
Første gong du går inn på di personlege side, vil du finne
namn og adresseopplysingar ferdig
utfylt.
Ein skriftleg presentasjon er ei unik muligheit for å presentere seg gjennomtenkt
og varig, i motsetning til det som ofte skjer ansikt til ansikt. I den ruta
der det står Meir informasjon kan og bør de legge inn informasjon som
kan være nyttig for andre. Relevant informasjon er t.d. kvar du kjem frå, arbeidsplass,
utdanningsbakgrunn og arbeidserfaring, hobbyer og generelle interesser.
Legge inn bilete på personleg side.
På personleg side kan ein også legge inn bilete av seg sjølv.
Ein kan då bruke scanner eller eit digitalt fotoapparat for
å få biletet inn på maskina. Men det som er viktig er å behandle biletet i eit
bildebehandlingsprogram før ein legg det ut. Her kan ein for eksempel bruke
Paint Shop Pro. Dette er eit program du kan laste ned i frå internett. Du finn
det på denne sida: http://www.jasc.com/ (Dette
programmet kan du prøve gratis i 30 dagar).
Det ein skal gjere i programmet her er å fastsetje kva storleik
biletet skal ha. Det er viktig at vi gjer dette for at lengd og breidd skal
vere proposjonalt med kvarandre, slik at vi ikkje vert lange og smale eller
korte og breie. Når vi har henta inn biletet som vi har scanna inn eller overført
frå digitalt kamera går vi opp på ”Image” og vel ”Resize”. Ein kan her bruke
anten inches eller cm.
Vel ein cm. er eit bilete på ca 4x5 cm. passeleg. Når ein har fått biletet slik
ein vil ha det, lagrar ein det som jpg fil. Gå til ”Fil”+ ”Lagre som”. Gi fila
di eit namn, og vel jpg som filtype. Pass på å lagre biletet ein plass der du
finn det att. Når du skal legge inn biletet, går du heilt ned på personleg side.
Trykk på ”Bla gjennom”, og finn fram til der du lagra fila.
Når du har funne rette fila, klikkar du på ”Åpne”. Med det
er biletet på plass.
Hugs å klikke på "Lagre", slik at endringane
vert lagra.
Oppgåver til "Innføringsleksjonen"
- Gjer deg kjent med Classfronter ved å trykke på knappane i
øvste rada (personleg rom) og i venstre margen (undervisningsromet).
- Legg inn meir informasjon og bilete på di personlege side. Når
du er ferdig, må du hugse å klikke på Lagre-knappen
nede til venstre, slik at dei opplysningane du har skreve inn vert
lagra.
Lukke til !
.................................................................................................................................................................
Alle rettar: Høgskulen i Volda.
270103
Forfattar: Håkon Bø
|