|
Kva er ClassFronter? Kva er nødvendig for å ta i bruk CF? Rettleiing når du har kome inn i ClassFronter Funksjonar i øvste rada Funksjonane i venstre kolonne
All undervisning på dette studiet går føre seg på nettet via eit dataprogram kalla ClassFronter (CF). Sidan CF er basert på Internett, kan du gå inn på studiet frå alle stadar der du har tilgang til Internett. Alle kurs som nyttar CF, har minst eit virtuelt rom som dokument og andre læringsressursar vert plassert i. Alle undervisningsaktivitetar er alltid knytt til kursroma.
Kva er ClassFronter?
CF er di skulebygning på nettet. Ditt brukarnamn og passord fungerer som dine nøklar i skulebygningen. Nøklane dine passar til ei rekke Rom inne i skulebygningen, som du dermed får tilgang til og kan gå inn i.
Roma er fylt med møblar (dataspråk: moduler) for å dekke den funksjonen som Romet er tiltenkt. Dersom du har gått inn i eit undervisningsrom så vil dette typisk vere møblert med ei bokhylle (dataspråk: arkiv for lagring av dokumenter og fagstoff), det kan vere ei tavle (dataspråk: for skribling på ei felles tavle), det kan vere eit konferansebord (dataspråk: for å føre diskusjonar), det kan vere ein timeplan (dataspråk: kalender for oppføring av avtalar, innleveringar). I eit gruppe- eller kollokvierom kan det vere andre møblar, eller også kalla tenester. Det same gjeld for kantina, lærarrommet, osb. Alle har ulik innreiing.
Når du låser deg inn på skulen (dataspråk: loggar deg inn) vil du truleg ha tilgang til fleire Rom.
Kva er nødvendig for å ta i bruk CF?
For å kunne bruke CF må du i tillegg til Internett-tilgang: 1. ha gyldig brukarnamn og passord (nøkkel). Du blir normalt registrert som bruker når du startar på et studium som avdelinga har ansvaret for. Som registrert brukar får du brukarnamn og passord. Dette må du bruke for å logge deg inn. Brukarnamn og passord er personlege, og dei må ikkje lånast ut til andre. 2. ha nødvendig tilgang til rom Alt i CF ligg eller skjer i rom. For å komme inn i et rom må du være gitt tilgang til (vere registrert som deltakar i dette rommet). Dette skjer automatisk når du vert registrert som student på studiet.
Rettleiing når du har kome inn i ClassFronter Etter at du har logga deg inn på CF kjem du inn på ei startside som består av: · ei rad (helt øvst) med funksjonane Dagens, Kontaktar, Kalender og Mitt Arkiv · deretter kjem ei rad med høve til å velje eit (virtuelt) kursrom (Rom:), og høve til å få hjelp og logge seg ut · hovudvindauget inneheld informasjon (Kalender, Nyheiter osv.) frå dei kursa du er meldt på · i tillegg inneheld hovudvindauget namn på den som er logga inn og diverse informasjon om CF (Omvisning, CF) og høve til å tilpasse (Tilpass) hovudvindauget, dvs. bestemme kva informasjon ein vil ha vist der
Ved å klikke på Rom: eller velje frå nedtrekksmenyen til høgre for Vel... får du ei oversikt over dei kursroma du har tilgang til, og kan "gå" til kursroma for det aktuelle kurset ved å velje det frå menyen.
Etter at du har valt eit kursrom kjem dei funksjonane (verktøya)som finnes i det romet til syne i venstre kolonne. Samtidig får du kursintern informasjon presentert i hovudvindauget.
I CF møter du heile vegen til to typar Rom.
Det eine er ditt personlege rom, som alltid ligg på toppen (inneheld vanlegvis kalender, kontaktar, dokument). Det personlege romet i CF inneheld dine personlege tenester. Det er administrator som set opp kva tenester du skal ha i ditt personlege Rom, og dette kan variere frå brukar til brukar. Du vil likevel alltid ha tenesta Dagens. Elles er det vanleg med tenester som E-post, Kalender, Kontaktar, Dokumenter, osv.
Det andre er fellesrom, som du finn i Rom-veljaren (inneheld forum, arkiv, lenkjer, m.m.). Fellesroma er lukka Rom der tenestene og innhaldet er reservert for dei som har nøkkel til dette Romet, dvs. at dei er deltakar i Rommet og kan gå inn.
Funksjonar i øvste rada
Dagens Dagens er den sida som alltid møter deg når du logger inn i CF. Dagens samlar dagsaktuell informasjon frå fellesroma som du er deltakar i, samt frå ditt personlege rom. Informasjon som er samla på Dagens er dei siste nyheitene, avtaler. osb. Målsettinga er at du via Dagens raskt skal få oversikt, før du går inn i dei enkelte fellesroma og fordjupar deg.
E-post Du kan ta i mot og sende e-post. E-post-funksjonen er kopla til kontaktregisteret (sjå under). Du kan sende e-post direkte frå CF. E-posten kan innehalde dei vedlegga du vil ha med. Du kan søkje etter e-postadressa til mottakaren i kontaktregisteret. For å kunne ta i mot og sende e-post må du fyrst leggje inn nokre opplysningar om e-postkassa di.
Kontaktar Kontaktregisteret held orden på og har informasjon om alle kontaktane dine. Kontaktregisteret i CF kan innehalde både dine eigne/private kontaktar og felles kontaktar. Dersom kontakten er registrert i kontaktregisteret, kan du finne vedkomande ved å søkje der.
Kalender Alle har sin eigen kalender. Kalenderen samlar alle avtalar frå dei fellesroma som du deltek i. I tillegg til fellesavtalar kan du nytte kalendrar til dine eigne private avtaler. Private avtalar som du lagar er berre tilgjengeleg for deg sjølv.
Du navigerer rundt i kalenderen ved å trykke på ønska månad og dag til venstre. Den aktuelle dagen vert vist til høgre med alle dine avtalar. Det finst også ei huskeliste nede til venstre som du kan bruke til å notere viktige påminningar.
Lage ein avtale For å legge inn ein avtale vel du den aktuelle dagen frå kalenderen til høgre. Når dagens timeplan kjem opp til høgre, trykker du på det aktuelle klokkeslettet der avtalen startar, og dermed kan du legge inn avtalen.
Kalenderen i CF fungerer på ein slik måte at du kan lage avtalar for deg sjølv, eller du kan lage avtalar for alle deltakarane i eit fellesrom, forutsatt at du har skriverettar i det aktuelle fellesromet. Som standard blir nye avtaler publisert til deg sjølv, slik at det blir ein personleg avtale. Du kan imidlertid trekke ned publiseringsmenyen nedst på avtalen, og dermed få opp ei liste over alle dei fellesroma som du kan lage avtalar for (der du har skriverettar). For å slette eller endre ein avtale trykker du på den aktuelle avtalen.
Arkiv Søkbart arkiv der du kan lagre dokument og lenkjer i ulike mapper. Arkivet i CF kan innehalde både Dokument, Lenkjer og Fellesdokument. Desse kan òg organiserast i mapper.
Mi portefølje Med verktøyet Mi portefølje får kursdeltakarar og kurshaldarar oversyn over progresjonen sin og aktiviteten i kursromet. Den som eig kursromet, får oversyn over aktiviteten til alle kursdeltakarane. Kursdeltakarane får berre sjå sin eigen aktivitet og sine eigne innleveringar.
FIM (Fronter Instant Messenger) Du kan sjå kven som er pålogga på same tid som deg, og du kan sende små meldingar til vedkomande i sanntid. Du kan lage di eiga venneliste og sende og ta i mot meldingar frå andre brukarar av systemet. Det er svært effektivt å bruke FIM til å sende korte meldingar, eller til å stille spørsmål som krev rask tilbakemelding. FIM er laga for ein-til-ein-kommunikasjon mellom to brukarar, ulikt Chat (Prate-verktøyet), som tillet prating med fleire i sanntid.
Funksjonane i venstre kolonne
Det er romeigar, dvs. den som opprettar romet, som avgjer kva verktøy eller funksjonar kursromet skal innehalde. Her skal vi kort gå gjennom dei viktigaste: Deltakarar, Rom, Leksjonar, Forum, Innleveringsppgåver og Lenker. For å komme tilbake til startsida (innloggingssida) klikkar du på Dagens oppe til venstre.
Når det gjelder ein detaljert gjennomgang av funksjonane, så finn du det i hjelpemenyane som du får fram ved å klikke på Hjelp øvst til høgre.
Deltakarar Under Deltakar-knappen kan du sjå kven andre som har "nøkkel" til det aktuelle Rommet, og som dermed kan gå inn. I tillegg til at lista tar med nokre basalopplysningar om kvar enkelt deltakar kan du også sjå kva rettar vedkomande har i fellesrommet.
Deltakarlista kan også brukast som ei e-postliste, og dermed effektivisere utsending av melding til alle. Berre merk av alle du ønskjer å sende ein e-post til ved å sette et kryss til venstre for namnet. For å velje alle set du kryss øvst i toppmenyen. Trykk deretter på send e-post til avmerka.
Det er berre dei som har registert ei e-postadresse i systemet du kan klikke på. Det finst fire grader av rettar i Roma: Lese - rettar til å lese alt innhald i Romet, men kan ikkje lagre noe. Skrive - rettar til å lese og legge inn innhald (dokumenter, nyheiter, osv). Du kan endre og slette det innhaldet som du sjølv har lagt inn. Slette - rettar til å lese og legge inn innhald, samt endre og slette alt innhald, ikkje berre ditt eige. Leiar - rettar til å administrere deltakarane i Romet. Det vil si legge til og fjerne deltakarar, samt gi desse rettane ovanfor. NB: Ver merksam på at det ikkje alltid vil stå Lese, Skrive, Slette, Ansvarleg som tilgangstekst. Dette er fordi organisasjonen sjølv kan velje å gi desse fire rollene andre namn, t.d. Gjest, Student, Lærer, Hovudlærar.
Rom Eit kvart Rom har eit namn, ein omtale, osb. Under Rom-knappen finn du desse opplysningane om det Romet du har gått inn i. I omtalen er det dermed naturlig å legge inn litt informasjon om kva Rom det dreiar seg om, kva målsetninga med dette Romet er, mm .
Leksjonar Under denne knappen vil du finne leksjonane. Desse vil bli lagt ut gjennom semesteret i samsvar med ei leksjonsliste. Når leksjonane er lagt ut, vil dei verte liggande til etter eksamen.
Forum Forum er et verktøy som hjelper til med å strukturere ein (fagleg) diskusjon på nettet. Alle med skrivetilgang i kursromet kan opprette ein diskusjon og skrive innlegg i diskusjonar oppretta av andre. Diskusjonstrådane, dvs. dei enkelte innlegga, viser kven som har skrevet dei og når. For å få tilgang til ein diskusjon, klikkar du på overskrifta til den aktuelle diskusjonen. Eit godt råd er å la diskusjonar følgje hovudinnlegget slik at tråden i diskusjonen blir synleg, og vere nøye med å fylle ut overskriftsfeltet. Det er viktig å organisere diskusjonar i tematiske mapper. Ei mappe kan innehalde mange diskusjonar, men dei bør relaterast til same overordna tema.
Innleveringsoppgåver Under Innleveringsoppgåver ligg det høve til å lage fleirvalsoppgåver (innfyllingsoppgåver) som vert retta automatisk, og det er også mogleg å lage innsendingsoppgåver som må rettast manuelt eller kommenterast av læraren. Det er berre ein med lærarrettar som kan lage oppgåver.
Lenker Under Lenker finn du relevante lenker. Lenkene er sortert i kategoriar.
Tilbake til hovudside nettstudium
|