Skriv ut Sideoversikt |  


Avdelingar og fagmiljø
- Kulturfag
- Mediefag
- Humanistiske fag
og lærarutdanning
- Samfunnsfag og
historie

Biblioteket
Internasjonalisering
Studentsamskipnaden
Ivar Aasen-instituttet
Nynorsksenteret


Om Høgskulen / Samfunnsfag og historie / Kommunal okonomi (Blank) / komok-infoside /

Kommunal økonomi

Kommunal økonomi

Kommunal økonomi på Internett

15 studiepoeng (5 vekttal)

  • Ingen studieavgift
  • Studer kvar og når du vil
  • Ingen opptakskrav utover formell/reell studiekompetanse
  • Kompetansegivande (5 vt)
  • God kontakt med førelesar

Om studieforma
Studieplan
Pensum
Arbeidsmengde
Studielån
Semesteravgift
Eksamen
Søknadsskjema
Kontakt oss

Innlogging ClassFronter

 

Målgruppe

Alle med interesse for faget. Burde vere interessant t.d. for dei som arbeider med stoffet til dagleg og for dei som driv med lokalpolitikk.

Læringsmål

Kunnskap om intern økonomisk styring av kommunar. Kurset vil gje teoretisk kunnskap om styring og styringsreiskapar, men og kunnskapar om regelverk, rammevilkår og rutinar, t.d. i samband med økonomiplan, årsbudsjett, rekneskap og årsmeldingar.

Aktuelle tema

  • Kostnadsteori og rekneskap
  • Leiing og økonomisk styring
  • Rutiner i kommunal økonomisk styring

Studieform
Sjølvstudium, forelesingar på Internett, diskusjonsforum, oppgåveinnlevering, kommunikasjon på E-post.

Tekniske krav
For å kunne studere på denne måten treng du å ha tilknyting til Internett. Vi tilrår nettlesaren Microsoft Internet Explorer (versjon 5.0 eller seinare). Undervisningsstoffet er presenterte med hovudfilar i: Word eller Power Point (PP). Det er dessutan koplingar til Excel og Acrobat (pdf-filer), (og ”web”-filar som denne). Adobe Acrobat Reader kan du fritt laste ned her. Dei andre formata er delar av Microsoft Office som du må kjøpe om du ikkje har dei.

Studieavgift
Ingen, med unntak av semesteravgifta på kr 550,-

Nærare informasjon
Kontakt fagansvarleg Inge Dyrhol, e-post: ind@hivolda.no eller tlf. nr. 70075087

Oppstart: 30. august 2003

Søknadsfrist: 15. juni 2003

Meir informasjon og søknadsskjema på: http://www.hivolda.no/asf/avdelingsside/index.html    



Skriv ut  Skriv ut
Oppdatert av Kjell-Einar Dagfinrud 07.02.2003
Publisert med NetEd : Web publiseringsløsning