|
Avdeling for samfunnsfag>
P {font-size: 10pt;
font-family: "Verdana";
line-height: 12pt;
margin-right: 10%;
margin-top: 1%;
margin-left: 0%}
H1 {font-size: 11pt;
font-family: "Verdana";
font-weight: bold;
line-height: 12pt;
margin-left: 0%;
margin-top: 1%;
margin-right: 10% }
A{text-decoration: none;}
A:link{color: #0000FF;}
A:visited{color:#0000FF;}
-->
Kommunalfagutdanninga i Volda
Både treårig grunnutdanning og mastergrad
Instituttet tilbyr både ei fleksibel treårig grunnutdanning med rett til tittelen
kommunalkandidat, og det einaste mastergradsstudiet i samfunnsplanlegging i landet. Grunnutdanningar på eit, to eller tre år
Grunnutdanninga vektlegg både fag- og prosesskunnskap og er organisert for å gi
fagleg progresjon og spesialisering. Utdanningsløypa ved institutttet er bygd
som ei integrert eining, men med høve til å
gå berre delar av løypa. Studentane får godskrive inntil 20 vekttal for kvart fullført
studieår. Sjå figuren nedanfor. Denne måten å organisere studiet på gir kandidatane både
fagleg breidde og fordjuping, noko som vi reknar som ein føresetnad for å
arbeide med forvaltnings- og planleggingsoppgåver i ein dynamisk og kompleks
kommunal kvardag. Kursa som instituttet gir, er opne for andre studentar
ved høgskulen og eksterne deltidsstudentar.
1.året
Årsstudium i samfunnsvitskap. Inneheld kursa
Sosiologi, Stats- og kommunalkunnskap, Økonomi og Samfunnsgeografi. Ein integrerande
lokalsamfunnsanalyse blir gjennomfør som eit tverrfagleg prosjektarbeid.
20 vekttal
2. året
Påbygging til Høgskulekandidat i Samfunnsplanlegging Inneheld kursa Kommunal økonomi, Samfunnsplanlegging og
Forvaltningsarbeid, samt eit metodekurs og ein
påfølgjande praksisperiode med rapport eller ei prosjektoppgåve med rapport.
20 vekttal
3. året
Påbygging til Høgskulekadidat i kommunal planlegging og administrasjon - Kommunalkandidat. Inneheld kursa Lokal planlegging og Agenda 21, Forvaltningsrett og prosjektarbeid i form av ei Kandidatoppgåve.
20 vekttal
Det første studieåret er lagt opp for alle med generell studiekompetanse som ønskjer
ei brei innføring i sentrale samfunnsvitskaplege fag. Studiet tek til med samspelet mellom
lokalsamfunnet og storsamfunnet. Studentane skal få ei forståing av kva konsekvensar
ulike tilhøve og utviklingsliner i storsamfunnet fører med seg for kommunar og
lokalsamfunn. Undervisninga i dei fire femvekttalskursa går parallelt over dei to semestra og
vert avslutta med skriftlege eksamenar. Dette studieåret kan takast for seg som
årsstudium i samfunnsvitskap, 20 vekttal.
I det andre året set vi kommunar som samfunn og organisasjonar i
fokus.
Det tredje semestret inneheld to femvekttalskurs som blir avslutta med eksamen ved slutten
av semesteret. Det fjerde semesteret inneheld to hovuddelar; eit kurs i
forvaltningsarbeid og eit obligatorisk kurs i prosjektdesign og metodeval (metodekurs). Dette
kurset er ein integrert del av tre månaders praksisperiode med rapport eller prosjektoppgåve
med rapport (fem vekttal). Dei to første åra kan takast for seg og gir
graden Høgskulekandidat i
samfunnsplanlegging, 40 vekttal.
I det tredje året set vi forholdet mellom lokale, regionale og globale utfordringar i
fokus. I dette året inngår tivekttalskurset Lokal planlegging og Agenda 21 og femvekttalskurset
Forvaltningsrett. Vidare er det avsett fem vekttal til prosjektarbeid i form av ei
kandidatoppgåve. Dette året legg vi vekt på at studentane gjennom presentasjon og
bearbeiding av relevante omgrep, teoriar, modellar og
forskingsresultat, skal få hjelp til å aktivisere eigne erfaringar, og til å utvikle høg
fagleg kompetanse til å arbeide med planlegging og forvaltning i lokalsamfunn,
kommunar og regionar. Det treårige studiet gir tittelen
Kommunalkandidat, 60 vekttal.
Kompetanse
Dei fleste kandidatane frå grunnstudiet arbeider i stillingar som gir høve til varierte oppgåver på ulike felt
av kommuneforvaltninga. Det er også mange som arbeider på fylkes- og statsnivået i forvaltninga, og i privat og
frivillig sektor. For dei som ønskjer å studere vidare, gir den treårige utdanninga mellom anna høve til å:
- søkje opptak til mastergradsstudiet i samfunnsplanlegging
- søkje om innpassing til studieretning arealplanlegging ved Norges landbrukshøgskole
- ta nødvendig tilleggsutdanning og søkje om opptak til samfunnsvitskap hovudfag, studieretninga planlegging
og lokalsamfunnsforsking ved Universitetet i Tromsø
- søkje om opptak/innpassing til andre høgare gradsstudium (hovudfags- og masterstudium) ved høgskular
og universitet i inn- og utland.
Vidareutdanningar og mastergrad i samfunnsplanlegging
Instituttet gir fleire tivekttalsmodular som etter- og vidareutdanningstilbod. Desse kan inngå
i gradene cand.mag. og master. Undervisinga vil som regel vere organisert slik at modulane passar både
for interne heiltidsstudentar og eksterne deltidsstudentar. Kvar modul har fem til seks samlingar på fire til fem
dagar fordelt på heile studieåret. Det er høve til sjølvstudium og rettleiing gjennom telefon, brev, e-post, m.m.
mellom samlingane. Studentane skal skrive oppgåver der dei knyter samanhengar mellom pensum og eigne problemstillingar.
Eittårig vidareutdanning i kommunal organisering og leiing.
Vidareutdanninga er sett saman av tivekttalsmodulane
Offentleg organisering og leiing og Kommunal
leiing og utgjer til saman 20 vekttal. Dette er
ei eittårig vidareutdanning for personar med treårige grunnutdanningar som er
tilsett i, eller som ønsker å kvalifisere
seg for leiarstillingar i kommunal verksemd.
Som dei einaste høgskulen i landet tilbyr vi
Mastergradsstudiet i samfunnsplanlegging. Dette er ei
toårig yrkesretta vidareutdanning for søkjarar med minimum tre år høgare utdanning, og som ønsker eit djupare
teoretisk fundament og ei meir kritisk forståing av metodar for utøving av plan- og utviklingsarbeid i samfunn
og organisasjonar. Studiet kan takast på heiltid eller deltid. Studiet er på 40 vekttal og er samansett av
fire tivekttalsmodular. To av modulane er obligatoriske og to er valfrie. Dei to obligatoriske modulane skal til saman
gi eit kjernepensum i samfunnsplanlegging med vekt på lokalt, kommunalt og regionalt plan- og
utviklingsarbeid. Mastergradsutdanninga vil vere sidestilt med hovudfagsutdanningar, m.a. med tanke på vidare doktorgradsstudium.
Instituttet sitt fagmiljø
Instituttet for kommunalfag har i nært samarbeid med Møreforsking Volda, bygt opp eit fagmiljø på om lag
10 personar som studerer utviklingsprosessar i rurale samfunn. Faggruppa omfattar både geografar, juristar, plan-
og organisasjonsteoretikarar, sosiologar, statsvitarar og økonomar. Gruppa har delteke i nasjonale og
internasjonale program for skuleforsking, flytteforsking, regionalforsking, nærmiljøutvikling, næringsutvikling,
bygdeutvikling, tettstadutvikling, forsøk med frikommune og frifylke m.m.
Instituttet sin visjon
Institutt for kommunalfag har som mål å vere eit nasjonalt og lokalt knutepunkt for forsking og undervisning
i kommunalfag. Instituttet skal utdanne planleggarar, forvaltarar og leiarar for Kommune-Noreg. I nært
samarbeid med studentar og brukarar skal instituttet utvikle og formidle relevant kommunalkunnskap. Kommunane, fylka
og departementa er viktige samarbeidspartnerar.
Meir informasjon
For meir informasjon viser vi til studieplanar, kursomtalar, og søknadskjema
som du finn i menyen venstre. Du kan også ta kontakt med høgskulen og be om å få
tilsendt informasjon og søknadsskjema.
Søknadsfrist: 15. april (1. mars for førehandsopptak)
|