|
Avdeling for samfunnsfag>
P {font-size: 10pt;
font-family: "Verdana";
line-height: 12pt;
margin-right: 10%;
margin-top: 1%;
margin-left: 0%}
H1 {font-size: 11pt;
font-family: "Verdana";
font-weight: bold;
line-height: 12pt;
margin-left: 0%;
margin-top: 1%;
margin-right: 10% }
A{text-decoration: none;}
A:link{color: #0000FF;}
A:visited{color:#0000FF;}
-->
Grunnutdanningar på eit, to eller tre år - kommunalkandidat
Grunnutdanninga vektlegg både fag- og prosesskunnskap og er organisert
for å gi fagleg progresjon og spesialisering. Utdanninga er ei integrert
eining, men det er høve til å gå berre delar av løypa.
Studentane får godskrive inntil 20 vekttal for kvart fullført
studieår. Sjå figuren nedanfor. Denne måten å organisere
studiet på gir kandidatane både fagleg breidde og fordjuping.
Det opnar også for koplingar til andre studium ved vitskaplege høgskular
og universitet. Kursa som instituttet gir, er opne for andre studentar
ved høgskulen og eksterne deltidsstudentar.
1.året
Årsstudium i samfunnskunnskap.
Inneheld kursa sosiologi, Stats- og kommunalkunnskap, økonomi og
geografi. Ein integrerande lokalsamfunnsanalyse blir gjennomfør
som eit tverrfagleg prosjektarbeid.
20 vekttal
2.året
Påbygging til Høgskulekandidat
i Samfunnsplanlegging Inneheld kursa Kommunal økonomi, Samfunnsplanlegging
og to valfrie seminar samt eit metodekurs og ein påfølgjande
praksisperiode med rapport eller ei prosjektoppgåve med rapport.
20 vekttal
3.året
Påbygging til Høgskulekadidat
i kommunal planlegging og administrasjon - Kommunalkandidat. Inneheld
kursa Lokal planlegging og Agenda 21, Forvaltningsrett og prosjektarbeid
i form av ei Kandidatoppgåve.
20 vekttal
Det første studieåret er lagt opp for alle med generell
studiekompetanse som ønskjer ei brei innføring i samfunnskunnskap.
Studiet tek til med samspelet mellom lokalsamfunnet, regionen og storsamfunnet.
Studentane skal få ei forståing av kva konsekvensar ulike tilhøve
og utviklingsliner i storsamfunnet fører med seg for kommunar og
lokalsamfunn. Undervisninga i dei fire femvekttalskursa går parallelt
over dei to semestra og vert avslutta med skriftlege eksamenar. Dette studieåret
kan takast for seg som årsstudium i samfunnskunnskap, 20 vekttal.
I det andre året rettar vi søkelyset mot kommunen
som samfunn og organisasjon. Det tredje semestret inneheld to femvekttalskurs
som blir avslutta med eksamen ved slutten av semesteret. Det fjerde semestret
inneheld to hovuddelar; to valfrie seminar (til saman fire vekttal) og
eit obligatorisk kurs i prosjektdesign og metodeval (metodekurs). Dette
kurset er ein integrert del av tre månaders praksisperiode med rapport
eller prosjektoppgåve med rapport (seks vekttal). Dei to første
åra kan takast for seg og gir graden Høgskulekandidat i
samfunnsplanlegging, 40 vekttal.
I det tredje året set vi forholdet mellom lokale, regionale
og globale utfordringar i fokus. I dette året inngår tivekttalskurset
Lokal planlegging og Agenda 21 og femvekttalskurset Forvaltningsrett. Vidare
er det avsett fem vekttal til prosjektarbeid i form av ei kandidatoppgåve.
Gjennom presentasjon og drøfting av relevante teoriar, modellar
og forskingsresultat, får studentane hjelp til å aktivisere
eigne erfaringar, og til å utvikle høg fagleg kompetanse for
vidare arbeid med planlegging og forvaltning i lokalsamfunn, kommunar og
regionar. Det treårige studiet (60 vekttal) gir tittelen Kommunalkandidat.
Kompetanse
Dei fleste kandidatane frå grunnstudiet arbeider i stillingar
som gir høve til varierte oppgÅver på ulike felt av
kommuneforvaltninga. Det er også mange som arbeider pÅ fylkes-
og statsnivået i forvaltninga, og i privat og frivillig sektor. For
dei som ønskjer å studere vidare, gir den treårige utdanninga
mellom anna høve til å:
- søkje opptak til mastergradsstudiet i samfunnsplanlegging
- søkje om innpassing til studieretninga arealplanlegging ved Norges
landbrukshøgskole
- ta nødvendig tilleggsutdanning og søkje om opptak til samfunnsvitskap
hovudfag, studieretninga planlegging og lokalsamfunnsforsking ved Universitetet
i Tromsø
- søkje om opptak/innpassing til andre høgare gradsstudium
(hovudfags- og masterstudium) ved høgskular og universitet i inn-
og utland.
Meir informasjon
For meir informasjon viser vi til studieplanen og kursomtalane. Ta
kontakt med høgskulen og be om å få tilsendt informasjon
og søknadsskjema.
|