|
Avdeling for samfunnsfag>
P {font-size: 10pt;
font-family: "Verdana";
line-height: 12pt;
margin-right: 10%;
margin-top: 1%;
margin-left: 0%}
H1 {font-size: 11pt;
font-family: "Verdana";
font-weight: bold;
line-height: 12pt;
margin-left: 0%;
margin-top: 1%;
margin-right: 10% }
A{text-decoration: none;}
A:link{color: #0000FF;}
A:visited{color:#0000FF;}
-->
Mastergrad i samfunnsplanlegging - 120 studiepoeng vidareutdanning Høgskulen
i Volda har som den einaste høgskulen i landet fått godkjenning frå
departementet til å tilby eit mastergradstudium i samfunnsplanlegging.
Studieplan
Tidspunkt for studiesamlingar studieåret 2002 - 2003 finn du
her.
Formål Dette er ei toårig yrkesretta vidareutdanning
for folk med minimum tre år høgare utdanning. Studiet passar godt
for dei som ønskjer eit djupare teoretisk fundament og ei meir kritisk
forståing av metodar for utøving av plan- og utviklingsarbeid i samfunn
og organisasjonar. Studiet kan takast på heiltid eller deltid. Innhald
og organisering Studiet er på 120 studiepoeng og er samansett
av fire modular. To av modulane er obligatoriske og to er valfrie. Dei to obligatoriske
modulane skal til saman gi eit kjernepensum i samfunnsplanlegging med vekt på
lokalt, kommunalt og regionalt plan- og utviklingsarbeid. Det er opp til den einskilde
å avgjere kor lang tid ein vil bruke på å fullføre mastergraden
i samfunnsplanlegging. Undervisninga i kvar av modulane som blir gitt av
Høgskulen i Volda, er som regel konsentrert til
mellom fem og seks vekesamlingar fordelt på haust- og vårsemesteret.
Dette gjer at studiet kan takast på heiltid- eller deltid.
Obligatorisk
fellesmodul i samfunnsplanlegging
Hovedmålet med denne modulen
er å gi studentane eit felles teoretisk grunnlag som basis for dei andre
modulane som inngår i mastergradsstudiet. Høgskulen tilbyr modulen
Regional planlegging og utvikling som ein slik fellesmodul.
Obligatorisk
integrasjonsmodul med masteroppgåve
Målet med denne modulen
er å gi studentane vitskapsteoretisk og metodisk innsikt i plan- og utgreiingsarbeid
som grunnlag for utarbeiding av masteroppgåva, som er ein integrert del
av denne modulen. Det blir lagt vekt på at studentane skal nytte ulike teoretiske
perspektiv og omgrep til å drøfte problemstillingar frå praksisfeltet,
helst problem frå eigen praksis som samfunnsplanleggar. Valfrie
modular Det er høve til å velje dei valfrie modulane
frå ein meny av førehandsgodkjende modular. Ein kan også søkje
om å få godkjent andre modular frå høgskular og universitet
i inn- og utland. Modular som skal inngå i graden må vere på
minst ti vekttal og vere på mastergradsnivå. Høgskulen arbeider
med å få til fleire førehandsgodkjende modular ved andre høgskular
og universitet i inn- og utland som kan nyttast som valfrie modular i mastergradstudiet.
Studentane vil få rettleiing om samansetting av modular undervegs i studiet
og seinast ved søknad om opptak til den avsluttande integrasjonsmodulen.
Høgskulane kan sette sperre mot einskilde modular dersom det er fagleg
overlapping mellom dei. Tilbodet av modular ved Høgskulen i Volda vil kunne
variere frå år til år. Aktuelle valfrie modular er:
-
Offentleg organisering og leiing
-
Kommunal leiing
-
Lokal planlegging og Agenda 21
-
Kriminalitetsførebygging (NB: startar veke 20)
-
Livsløpsperspektiv i samfunnsplanlegginga
Eksamen og vitnemål Dei
som har fullført dei nødvendige modulane som inngår i graden,
vil få eit eige vitnemål for oppnådd mastergrad i samfunnsplanlegging.
Kvar av modulane kan gjennomførast uavhengig av sjølve graden. Unnataket
er den avsluttande integrasjonsmodulen med masteroppgåve. Kompetanse
Mastergradsutdanninga vil vere sidestilt med hovudfagsutdanningar, m.a.
med tanke på vidare doktorgradsstudium.
Krav til samansetting av modular
Studiet er på 120 studiepoeng og er samansett av fire modular. To av modulane
er obligatoriske og to er valfrie. Studentar med minst fire års studiar
frå høgskule og universitet (til dømes cand.mag.studiar,
sivilstudiar eller hovudfagsstudiar) får fritak for ein av dei valfrie
modulane og må fullføre ein modul i tillegg til den obligatoriske
Fellesmodulen i samfunnsplanlegging og den obligatoriske Integrasjonmodulen
med masteroppgåve.
Studiekostnader
Modulane ved Høgskulen i Volda er gratis, men studentane må betale
vanleg semesteravgift til høgskulen og avgift til Studentsamskipnaden
for Sunnmøre. Ut over dette må studentane dekke eigne utgifter
til reise, opphald, pensumlitteratur, studieturar m.m., eller eventuelt få
arbeidsgivarane til å dekke dei. Studiet er godkjent for ettergjeving
av del av utdanningslån i Statens
Lånekasse. Kvar einskild treng ikkje søkje særskilt. For meir informasjon
om denne ordninga kontakt studierettleiar Kjellfrid
Osdal på tlf. 70 07 51 10.
Fagleg ansvarleg Høgskulen
i Volda, Avdeling for samfunnsfag, Institutt for kommunalfag Meir informasjon
Ta kontakt med høgskulen (tlf. 70075000) og be om å få tilsendt
søknadsskjemaet for mastergradsstudiet i samfunnsplanlegging.
Søknadsrutinar og fristar
Ein kan søkje direkte her.
Dersom det er ledige plassar vil ein kunne handsame søknader heilt fram
til studiestart. Det er høve til å søkje om førehandsopptak med søknadsfrist
1. mars.
Sist oppdatert 16.07.02 av KED
|