|
Avdeling for samfunnsfag>
P {font-size: 10pt;
font-family: "Verdana";
line-height: 12pt;
margin-right: 10%;
margin-top: 1%;
margin-left: 0%}
H1 {font-size: 11pt;
font-family: "Verdana";
font-weight: bold;
line-height: 12pt;
margin-left: 0%;
margin-top: 1%;
margin-right: 10% }
A{text-decoration: none;}
A:link{color: #0000FF;}
A:visited{color:#0000FF;}
-->
Offentleg organisering og leiing 30 studiepoeng vidareutdanning.
Kan inngå som valfri modul i mastergradsstudiet i samfunnsplanlegging.
Målgruppe
Dette er ein modul for kandidatar med treårig
profesjonsutdanning eller med anna høgare utdanning som ønsker å
vidareutdanne seg innafor offentleg organisering og leiing. Modulen legg vekt
på dei utfordringane offentleg sektor står overfor, og dei nye relasjonane
som blir utvikla mellom privat, frivillig og offentleg sektor. Modulen er eigna
for leiarar og andre tilsette med ansvar for organisasjonsutvikling og personalforvaltning
i kommunar, fylkeskommunar og stat, og leiarar i privat og frivillig sektor som
har mykje kontakt med offentleg sektor. Undervisninga er tilrettelagt for studentar
både på heiltid og deltid. Læringsmål
Modulen tek føre seg teori om organisering og leiing i offentleg
verksemd med sikte på at deltakarane skal styrke kompetansen sin som leiarar.
Studentane skal gjennom studiet utvikle: · Kompetanse til å
analysere og forstå utviklingstrekka og utfordringane for offentleg sektor
· Kunnskap om teoriar og metodar som er relevante for organisering
og leiing i offentleg sektor · Evne til kritisk vurdering av ulike
oppskrifter for organisering og leiing i offentleg sektor · Praktisk
handlingskompetanse i målretta organisasjonsutvikling, personalforvaltning
og kompetanseutvikling · Evna til sjølvstendig og kritisk
refleksjon Innhald og organisering
Undervisninga er
konsentrert til fem vekesamlingar fordelt på haust- og vårsemesteret.
Kvar samling er sett saman av om lag 15 timar forelesingar og om lag 15 timar
gruppearbeid/øvingar/seminar. I tillegg blir det gitt ei innføringssamling
(forkurs) og ei repetisjonssamling dersom det er behov for det. Innhaldet i dei
fem vekesamlingane: Samling OL1: Organisasjonsteori og avgjerdsmodellar.
Føremålet med samlinga er å gje eit oversyn over klassiske
og nyare teoriar om organisasjonar som strukturar og kulturar, med vekt på
omgrep og modellar som vert nytta i analyse av organiseringsprosessar. Samling
OL2: Politisk teori og offentleg verksemd. På denne samlinga vert
det lagt vekt på teoriar om demokrati og politikk, politisk organisering
og politiske prosessar. Vidare om kva rolle offentleg verksemd har i samfunnet,
og kva verknader ulike organisasjonsformer har for oppgåveløysing
og for brukarane. Samling OL3: Organisasjonsutvikling i offentleg sektor.
Ein vil her konsentrere seg om teori og metode for organisasjonsutvikling,
og om endringsprosessar og trendar innan organisasjonsutvikling. Samling
OL4: Leiing og leiingsteori. Føremålet med denne samlinga
er å gje ei innføring i moderne organisasjons- og leiingspsykologi,
og vise korleis kunnskap om forskingsresultat og innsikt i fagpsykologiske omgrep
og prinsipp kan hjelpe ein til å tenkje sjølvstendig omkring praktiske
problem i arbeidslivet og til å finne eigne løysingar. Samling
OL5: Personalleiing og kompetanseutvikling. Siktemålet er å
gje eit oversyn over fagfeltet personaladministrasjon, med vekt på sentrale
funksjonar innafor det som har med leiing og personalutvikling å gjere.
Undervisningsformer, heimeoppgåver og pensum
Undervisninga
er lagt opp med ein kombinasjon av forelesingar, gruppearbeid, presentasjon og
drøfting i plenum m.m. Det er lagt vekt på praktiske øvingar
med utgangspunkt i deltakarane sine eigne utfordringar. Undervisningsformer som
legg vekt på open kommunikasjon og kreativ problemløysing blir prioritert.
Det er ein føresetnad at deltakarane driv sjølvstudium mellom samlingane.
Studentane får tilbod om å skrive to individuelle heimeoppgåver som faglærar
kommenterer. Pensum er på omlag 2000 sider. Eksamen og kompetanse
Eksamen er sett saman av ein 6 timars skriftleg individuell skuleeksamen
og ei av heimeoppgåvene. Skuleeksamen tel to tredjedelar og heimeoppgåva ein tredjedel
når karakteren blir sett. Stått vurdering gir 30 studiepoeng i høgskulesystemet. Modulen
kan takast i studieløyper fram mot cand.mag.-graden, som del av Eittårig
vidareutdanning i kommunal organisering og leiing (jf. under), eller som valfri
modul i mastergradsstudiet i samfunnsplanlegging. Eittårig vidareutdanning
i kommunal organisering og leiing
Vidareutdanninga er sett saman av
tivekttalsmodulane Offentleg organisering og leiing og Kommunal leiing
og utgjer til saman 60 studiepoeng. Dette er ei eittårig vidareutdanning
for personar med treårige grunnutdanningar som fungerer, eller som ønsker
å kvalifisere seg for leiarstillingar i kommunal verksemd. Ved opptaket
blir det lagt vekt på å sette saman ei gruppe studentar med ulike
utdanning og praksis. Av erfaring veit vi at dette gir eit spennande læringsmiljø.
Denne vidareutdanninga er ein del av høgskulen si satsing på leiarutdanning.
Modulen Offentleg organisering og leiing er såleis felles for fleire liknande
vidareutdanningar i leiing som er under utvikling ved høgskulen. Desse
utdanningane kombinerer modulen med modular retta inn mot leiing i sektorane helse-
og sosial, kyrkje og skule. Opptak
Grunnlaget for opptak
er tre år høgare utdanning. Opptakskrava er meir spesifiserte i studieplanen
for mastergraden i samfunnsplanlegging. Talet på studentar er avgrensa til
25. Studiekostnader
Undervisninga er gratis, men studentane
må betale vanleg semesteravgift til høgskulen og avgift til Studentsamskipnaden
for Sunnmøre. Ut over dette må studentane dekke eigne utgifter til
reise, opphald, pensumlitteratur, studieturar m.m., eller eventuelt få arbeidsgivarane
til å dekke dei. Studiestad
Høgskulen i Volda
Fagleg ansvarleg
Avdeling for samfunnsfag, Institutt for
kommunalfag ved førsteamanuensis Roar Amdam. Meir informasjon
For meir informasjon viser vi til studieplanar, kursomtalar, og søknadskjema som
du finn i menyen venstre. Du kan også ta kontakt med høgskulen og be om å få tilsendt
informasjon og søknadsskjema. Søknadsfrist: 15. april (1. mars for
førehandsopptak)
|