BORA BORA
UiB

Bergen Open Research Archive >   Faculty of Social Sciences >   Department of Geography >   Department of Geography >

Please use this identifier to cite or link to this item: http://hdl.handle.net/1956/2565

Title: Svalbard – ikkje her, men der palmane er! : tilhørigheit og ambivalens. Eit studie av ´senior-ungdommen` i Longyearbyen
Authors: Dørmænen, Cato
Issue Date: 2007
Publisher: The University of Bergen
Abstract: At verda rundt oss er i stadig endring er noko vi etterkvart har begynt å ta innover oss. Eit av kjenneteikna med dei endringane vi har fått spesielt i løpet av det 20. århundre er at verda for oss framstår som mindre. Dette har kome som ein konsekvens av den auka globaliseringa og det Harvey i si tid omtala som ”time-space compression” (Harvey, 1989). Framveksten av betre kommunikasjon og dermed også evna til å flytte på seg, er eit forhold som har bidrege til at vi i dag er i stand til å busetje oss på områder som før var forbeholdt å verte besøkt av ekstremt utrusta ekspedisjonar. I Noreg kjenner vi til tradisjonen landet har som den leiiande i utforskinga av polare strøk. Ei utforsking som i si tid gjekk ut på å finne nye landområder og å erobre dei to polane nord og sør. I dag lever vi i ei tid der slike erobringar ikkje lenger vert sett på som like ekstreme som dei eingong var. Den teknologiske, økonomiske, industrielle og ikkje minst den transportmessige utviklinga, har gjort oss i stand til å busetje oss på stadar som før var forbeholdt nettopp ekspedisjonar og vesen tilpassa slike strøk. Svalbard er eit slikt område. Her har vi gjennom dei siste hundrede åra og meir, vore i stand til å busetje oss og drive industriell utvinning av dei resurssane området har å by på. I dag har Svalbard gått frå å være eit ”company town” (Kleven, 2001) til å verte eit samfunn med stort sett dei innslaga av tilbod som ein finn andre stadar. Det er likevel nokre forhold som gjer at Svalbard og Longyearbyen skiljer seg ut i høve til det klassiske biletet vi gjerne dannar oss om små stadar. Svalbard og Longyearbyen har inga opprinnelig urbefolkning (Marstrander, 2000). Longyearbyen som familiesamfunn er strengt tatt ikkje meir enn 30-40 år gammalt. Ein har heller ikkje det ein omtalar som livsløpsbebuarar og generasjonar på Svalbard. Sjansane for at nokon har besteforeldre på Svalbard er relativt små om ikkje heilt fråverande. På tross av betra teknologi og kommunikasjonsmidlar så står Svalbard framleis i ei stilling der innbyggjarane risikerer å verte totalt isolerte frå omverda i periodar. Dei ekstreme naturforholda som preger øyriket er, på tross av moderne fly og isbrytarar, sjølv i dag i stand til å holde desse på avstand ved enkelte høver. I dette samfunnet finn ein likevel familiar som har busett seg. Barnehagar, skular, kino, butikkar, lag og organisasjonar har vakse fram.
URI: http://hdl.handle.net/1956/2565
Appears in Collections:Department of Geography

Files in This Item:

File Description SizeFormat
Masterthesis_Dormenen.pdf3,61 MBAdobe PDFView/Open

SFX Query

Items in BORA are protected by copyright, with all rights reserved, unless otherwise indicated.

 

Feedback University of Bergen Library,
Street address: Stein Rokkans hus, Nygårdsgt. 5, 5015 Bergen
Postal address: P.O.Box 7808, 5020 Bergen
E-post: bora@uib.no