Bergen Open Research Archive >
Faculty of Social Sciences >
Department of Geography >
Department of Geography >
Denne identifikatoren kan du bruke til å sitere eller lenke til denne innførselen:
http://hdl.handle.net/1956/2565
|
| Tittel: | Svalbard – ikkje her, men der palmane er! : tilhørigheit og ambivalens. Eit studie av ´senior-ungdommen` i Longyearbyen |
| Forfattere: | Dørmænen, Cato |
| Dato: | 2007 |
| Forlag: | The University of Bergen |
| Sammendrag: | At verda rundt oss er i stadig endring er noko vi etterkvart har begynt å ta innover oss. Eit
av kjenneteikna med dei endringane vi har fått spesielt i løpet av det 20. århundre er at
verda for oss framstår som mindre. Dette har kome som ein konsekvens av den auka
globaliseringa og det Harvey i si tid omtala som ”time-space compression” (Harvey, 1989).
Framveksten av betre kommunikasjon og dermed også evna til å flytte på seg, er eit
forhold som har bidrege til at vi i dag er i stand til å busetje oss på områder som før var
forbeholdt å verte besøkt av ekstremt utrusta ekspedisjonar. I Noreg kjenner vi til
tradisjonen landet har som den leiiande i utforskinga av polare strøk. Ei utforsking som i si
tid gjekk ut på å finne nye landområder og å erobre dei to polane nord og sør. I dag lever vi
i ei tid der slike erobringar ikkje lenger vert sett på som like ekstreme som dei eingong var.
Den teknologiske, økonomiske, industrielle og ikkje minst den transportmessige
utviklinga, har gjort oss i stand til å busetje oss på stadar som før var forbeholdt nettopp
ekspedisjonar og vesen tilpassa slike strøk.
Svalbard er eit slikt område. Her har vi gjennom dei siste hundrede åra og meir, vore i
stand til å busetje oss og drive industriell utvinning av dei resurssane området har å by på. I
dag har Svalbard gått frå å være eit ”company town” (Kleven, 2001) til å verte eit samfunn
med stort sett dei innslaga av tilbod som ein finn andre stadar.
Det er likevel nokre forhold som gjer at Svalbard og Longyearbyen skiljer seg ut i høve til
det klassiske biletet vi gjerne dannar oss om små stadar. Svalbard og Longyearbyen har
inga opprinnelig urbefolkning (Marstrander, 2000). Longyearbyen som familiesamfunn er
strengt tatt ikkje meir enn 30-40 år gammalt. Ein har heller ikkje det ein omtalar som
livsløpsbebuarar og generasjonar på Svalbard. Sjansane for at nokon har besteforeldre på
Svalbard er relativt små om ikkje heilt fråverande. På tross av betra teknologi og
kommunikasjonsmidlar så står Svalbard framleis i ei stilling der innbyggjarane risikerer å
verte totalt isolerte frå omverda i periodar. Dei ekstreme naturforholda som preger øyriket
er, på tross av moderne fly og isbrytarar, sjølv i dag i stand til å holde desse på avstand ved
enkelte høver. I dette samfunnet finn ein likevel familiar som har busett seg. Barnehagar,
skular, kino, butikkar, lag og organisasjonar har vakse fram. |
| URI: | http://hdl.handle.net/1956/2565 |
| Vises i samlingene: | Department of Geography
|
Alle innførsler i BORA er beskyttet av opphavsrett