Nyhetsbrev fra datatilsynet
Les mer og bestill>>
Høyring - Politiattest til bruk i høve tilsetjingar mv. ved det Det kongelege Hoff
(28.06.2007) Gunnel Helmers 
print

Datatilsynet har avgitt ei høyringsfråsegn til forslag om utviding av Det kongelige Hoff sitt høve til å innhente politiattestar.

Det Kongelege Hoff er underlagd sikkerheitslova, og ein del medarbeidarar blir tryggleiksklarert. Høyringsbrevet og forslaget legg i tillegg opp til vandelskontroll av ei langt større gruppe enn berre dei tilsette. Forslaget omfattar innleigd personell og leverandørar av varer og tenester. I høyringsbrevet blir det konstatert at ikkje alle oppdrag eller leveransar vil utløyse krav om politiattest.

Det er likevel svært uklart når politiattest skal innhentast. Kor lang tid må oppdraget vare, og kva type tenester og leveransar vil bli omfatta? Slik forslaget er formulert, ser det ut som at føresegna omfattar både personar som skal utføre vedlikehaldsarbeidar på Slottet, personar som leverer dagligvarer og artistar som skal opptre på forskjellige tilstelningar i Slottets regi.

Det er Datatilsynets oppfatning at heimelen er for vidt utforma. Behovet for ein uttømmande attest er, etter Datatilsynets oppfatning, ikkje tilstrekkeleg velgrunna. Forslaget legg opp til ei heilskapsvurdering, utan å ta stilling til om det er konkrete opplysningar som er av større interesse enn andre.

Les heile høyringsfråsegna (pdf, nytt vindauge)

 

Datatilsynet © 2007    postkasse@datatilsynet.no   Postboks 8177, Dep 0034 Oslo   Telefon: 22 39 69 00   Personvernpolicy