Overhøyring av telefonsamtalar
(14.01.2004) Redaksjonen 
print

Datatilsynet har vurdert ei konkret sak der eit barn i fosterheim blir overhøyrt når det er i privat samtale med dei biologiske slektningane sine. Konklusjonen er at slike tiltak berre bør nyttast heilt unntaksvis.

Bakgrunnen for utsegna er at Aksjonsgruppen barns rett til samvær med foreldre og besteforeldre tok kontakt med tilsynet. Spørsmålet gjaldt ei sak der fostermor er tilstades når barnet har telefonsamtalar med dei biologiske slektningane sine. I nokre høve har også opplysningar frå samtalane blitt nedteikna. Datatilsynet seier i si utsegn at slektningane har krav på å få tydeleg informasjon og ei klar grunngjeving dersom samtalane blir nedteikna. Berre slik vil dei ha høve til å ta vare på rettane sine ved å krevje innsyn og eventuell retting.

Behov for klarare lovheimlar?
Datatilsynet ser at det kan være eit behov for klarare lovheimlar ved slike tilfelle. Det er derfor også sendt eit brev til Barne- og familiedepartementet med ei oppfordring om å sjå nærmare på dei problemstillingane denne saka reiser.

Les breva frå Datatilsynet

Datatilsynet © 2007    postkasse@datatilsynet.no   Postboks 8177, Dep 0034 Oslo   Telefon: 22 39 69 00   Personvernpolicy