Ved ein umeld etterkontroll hos Bakehuset Kafé ved Sandvika Storsenter såg Datatilsynet at dei tilsette blei overvakte i store delar av produksjonslokalet. Datatilsynet pålegg no verksemda å avgrense overvakinga.
Våren 2002 varsla Datatilsynet Bakehuset Kafé ved Sandvika Storsenter om pålegg om å slutte med kameraovervaking av dei tilsette. Etter tilbakemelding frå verksemda gjekk tilsynet likevel med på at kasseområdet og området der pengane i kassa blei talde opp kunne bli overvaka. Datatilsynet understreka i vedtaket at overvakinga ikkje skulle bli permanent, og at behovet for tiltaket måtte vurderast fortløpande.
Hausten 2004 kom Datatilsynet på umeld kontroll til verksemda. Då såg tilsynet at verksemda ytterlegare hadde utvida overvakinga slik at dei tilsette blei filma i store delar av produksjonslokalet.
Datatilsynet såg overvakinga som eit inngrep i dei tilsette sitt personvern. Overvaking av område der tilsette ferdast er ulovleg dersom ein ikkje har eit særskilt behov, og Datatilsynet kunne ikkje i denne saka sjå at eit særskilt grunnlag fantest for heile overvakingsanlegget. Datatilsynet fann at verksemda berre har særskilt behov for overvaking i direkte tilknyting til kassa, og av ”teljerommet” i det tidsrommet oppteljinga skjer.
Les kontrollrapport og vedtak (nytt vindauge, pdf-format)
Status i saken per 01.04.2004: Saken er behandlet i Personvernnemnda.
Les om nemndas vedtak her.