Høgskolen i Oslo
Høgskolen i Oslo
Fronter Les e-post med Webmail Læringssenteret Personer HiO-veven



Studietilbud Enheter Kontakt English Utskrift

Velkommen til HiO / Enheter / Pedagogisk utviklingssenter (PUS) / Arkiv / Kvalitetsreformen / Kollegaveiledning V-02

Kollegaveiledning V-02

Erfaringer fra pilotprosjekt - våren 2003

Bakgrunn

Som ledd i arbeidet med iverksetting av Kvalitetsreformen etablerte Høgskolen i Oslo studieåret 2002-2003 eit kollegaveiledningsopplegg. Hausten 2002 vart det sett i gang førebuingsseminar for gruppeleiarar for kollegaveiledningsgrupper, og våren 2003 kom åtte slike grupper i gang, med til saman 60 deltakarar, som ei prøveordning.

Intensjonane med kollegaveiledning er å skape fora for lærarar til å ta opp spørsmål som rører ved den utforming av student- og lærarrollene som Kvalitetsreformen ber i seg. I tråd med reformen har høgskolen dette studieåret valt å prioritere

  • utvikling av læringsfremmende arbeids- og vurderingsformer
  • oppfølging, veiledning og tilbakemelding til studentene (jf. skriv frå rektor og direktør 25. juni 2002)

Gjennom kollegagrupper vil lærarar kunne utveksle erfaringar, få veiledning i høve til utfordringar dei står oppe i i dag og dermed byggje opp eigen kompetanse for i størst mogeleg grad leggje til rette læringsfremmande arbeids- og vurderingsformer og styrkje si eiga rolle som veileder for studentane.

Tilrettelegging av opplegget

Pedagogisk utviklingssenter har hatt det administrative ansvaret for tilrettelegging for etablering av kollegagrupper. Etablering av ordninga tok utgangspunkt i skrivet som rektor og direktør sende avdelingane 25. juni 2002 om vidare arbeid med Kvalitetsreformen. Her fekk Pedagogisk utviklingssenter og Studieseksjonen ansvaret for oppfølging og koordinering. Eitt av tiltaka i dette oppfølgingsarbeidet var å etablere eit veiledningsopplegg for undervisningspersonell. Målet var "å styrke veiledningskompetansen i lærerstabene og skape trygghet omkring egen veilederfunksjon".

I skriv av 19. september 2002 til avdelingane og SEFIA vart det invitert til deltaking i leiing av kollegaveiledningsgrupper. Avdelingane vart bedt om å oppmuntre undervisningspersonell som alt var erfarne veiledere om å melde seg til å delta i opplegget som gruppeleiarar. For å byggje opp ein felles plattform for leiing av kollegaveiledningsgrupper vart 2-3 lærarar frå kvar avdeling invitert til å delta i førebuingsseminar. Som ei konkretisering av kva for temaer som kunne vere aktuelle å ta opp i kollegagruppene vart det her nemnt:

  • hvordan den aktive studentrollen kan stimuleres
  • hvordan studentveiledning kan gjennomføres
  • hvordan veiledning kan integreres i undervisning
  • hvordan "ansvar for egen og andres læring" kan gjennomføres
  • hvilke oppgavetyper som kan gis, som stimulerer studentenes aktivitet
  • hvordan tilbakemelding til studentene kan gis på en best mulig måte
  • hvordan jeg/vi/utdanningen kan organisere studieløp som stiller krav til studentaktivitet
  • hvilken tilbakemelding jeg har fanget opp i min veiledningspraksis
  • hvordan skille mellom, eller kombinere, vurdering og veiledning

Det første førebuingsseminaret vart halde 28.-29. november 2002, med 16 deltakarar. Her vart intensjonane i opplegget gjennomgått, og det vart lagt inn både veiledningstrening og fokus på gruppeleiarfunksjonen. Vippen Fleischer, som har lang erfaring frå arbeid med kollegaveiledningssystem innanfor yrkesorganisasjonar vart engasjert til å vere med og leie førebuingsseminara.

Seminardeltakarane gjekk så inn i ein periode med trening i gruppeleiing og veiledning. Erfaringane herfrå vart oppsummerte i det andre førebuingsseminaret 6. - 7. februar 2003.

Ved skriv av 11. februar 2003 til studieleiarane vart det invitert til deltaking i HiO's kollegaveiledningssystem. Invitasjonen gjekk først til studieleiarane, fordi det vart avgjort at deltaking i kollegaveiledningsgrupper skulle inngå som arbeidstid. Dette måtte såleis avtalast mellom studieleiar og den enkelte lærar, og bli nedfelt i den enkelte lærar sin arbeidsplan. Dessutan vart det oppfordra til at studieleiarane oppmoda sine lærarar til å delta i opplegget. Frist for påmelding vart sett til 1. mars 2003.

Det melde seg i alt eit 80-talls interesserte, men det faktiske talet på deltakarar vart til slutt ca 60. Dette gav 8 grupper, og det vart lagt opp til at to og to gruppeleiarar gjekk saman om gruppeleiing i kvar av gruppene i denne første runden. Den 25. mars 2003 starta gruppene opp.

Det vart lagt opp til tre gruppemøter våren 2003: 25. mars, 29. april og 20. mai. Dei fleste gruppene følgde desse datoane, eit par grupper la opp til fire gruppemøter og tidspunkt som høvde betre for deltakarane.

Etter kvart gruppemøte vart det halde gruppeleiarsamlingar, eit ettermøte for veilederne, for utveksling av erfaring umiddelbart etter gjennomført møte. I tillegg vart det lagt opp eit oppsummeringsseminar 20. mai, 13-16. Her vart erfaringane frå denne utprøvingsfasen og forslag til vidareføring drøfta.

Erfaringar frå opplegget

Deltakarar

Kollegaveiledning blir organisert ved at høgskolelektorar med veiledningskompetanse frå tidlegare og lyst til og interesse for å leie kollegagrupper blir rekrutterte som gruppeleiarar. Deltakarar er høgskolelektorar som ønskjer å styrkje si lærarrolle med omsyn til dei utfordringane som ligg i Kvalitetsreformen

Målet

Gjennom kollegaveiledning er intensjonen å skape fora for lærarar for å vidareutvikle si lærarrolle i tråd med intensjonane i Kvalitetsreformen.

Rammer

Det vart etablert åtte grupper i alt. Tre av desse har vore utdanningsinterne, fem har hatt deltakarar frå ulike utdanningar.

Kollegagruppene har møtt ein gong pr. månad, to timar kvar gong (tre timar i første møtet, for å etablere gruppene). Tidsrammene har vore høvelege. Det har variert litt, men dei fleste gruppene har i løpet av denne møtetida kunne gjennomført to veiledningsseansar. I ei gruppe med opp til åtte deltakarar, vil det då vere mogeleg at alle i løpet av semesteret får høve til å vere i fokus i ein veiledningsseanse. Samtidig gir deltaking i kvarandre sine veiledningsseansar verdifull erfaring.

I denne første perioden var det i enkelte av gruppene to gruppeveiledere. Gruppeleiarane kunne på den måten også gje kvarandre tilbakemeldingar, og dermed styrkje sin eigen funksjon som gruppeleiar.

Gruppestorleiken har variert, frå tre til åtte. Det ideelle tallet ligg truleg på fem-sju deltakarar, og minimum er tre. Ved etablering av nye grupper bør det kunne vere grupper med åtte deltakarar, ettersom det ofte er forfall til møtene. Det bør elles understrekast at når ein først er blitt med i ei gruppe må ein forplikta seg på å delta heile semesteret, og gruppemøtene difor få prioritet framfor andre arbeidsoppgåver som måtte kome opp.

Arbeidsmåter

Ved førebuingane til gruppeleiinga vart det valt ut to tilnærmingar som hovedmodellar for arbeidet i gruppene: problemretta veiledning i grupper (etter Handal og Lauvås) og ein-til-ein veiledning i gruppe, med bruk av reflekterande team (beskrive av bl.a. Andersen). I tillegg har fleire av gruppene innarbeidd loggføring som arbeidsmåte, og har brukt utveksling av logg som del av arbeidsmåtane. Andre har tatt i bruk deløvingar med sikte å å oppøve det å kunne lytte, det å vere her-og-nå - og dei fleste har lagt vekt på å hente opp ettertankar, ein "sidan sist"-post ved starten på kvart møte, for å binde det heile saman.

Gruppeleiarane har variert mellom desse tilnærmingane, og er så langt nøgde med dette repertoiret.

Innhald

Det har vore drøfta ein del kva som skulle eller kunne vere temaet for veiledningsseansane. Deltakarane har blitt oppfordra til å "ha med seg" eit tema eller "problem", noko dei står midt oppe i, som er viktig for dei, og som dei ønskjer å få hjelp til å sjå nærare på: "Kva er det som opptar deg i dag?" Temaene frå denne første perioden har vore mangfaldig og kan samlast innafor følgjande hovudområder:

  • relasjonsproblematikk - lærar-student
  • lojalitetsproblematikk
  • fleirkulturell problematikk
  • skilje mellom veiledning og rådgjeving
  • veiledning på nettet
  • passivitet - aktivitet - korleis stimulere
  • produktveiledning eller prosessveiledning

Vurdering

Deltakarane i gruppene har gitt positive tilbakemeldingar etter kollegaveiledningsmøtene. Her kjem det i gang sentrale diskusjonar om aktuelle spørsmål dei som lærarar står oppe i, og dei får høve til å utveksle synspunkt, alternative måtar å gå fram på og dermed auka sin eigen handlingsevne. Mange får inspirasjon til å gå attende og gjere endringar i sine arbeidsmåtar, dei får eit endra syn på si eiga lærarrolle.

I kva grad studietilbodet blir betre, eller i den yttarste konsekvens - "studentene lykkes bedre" - er det sjølvsagt vanskeleg å seie. Gjennom kollegaveiledning meiner likevel deltakarane og gruppeleiarane å kunne hevda at det skjer bevisstgjering på eiga rolle, engasjementet aukar og det blir skapt grunnlag for å arbeida meir utviklingsretta.

Forslag til vidareføring

Det blir føreslått at dei gruppene som er i gang held fram også i haustsemesteret, og at det blir sendt ut ny invitasjon for å kunne etablere fleire grupper.

Rammene bør leggjast opp slik som no:

  • Gruppestorleik: 6-8 deltakarar
  • Møtehyppighet: 4 møter pr. semester
  • Ein gruppeleiar pr. gruppe
  • Møtetid: to timar pr. møte, tre timar til det første møtet, for å etablere gruppa
  • Gruppeleiar skaffar rom for gruppene

Det blir lagt opp til fire gruppeleiarseminar, for å utveksle erfaringar og evt. gje gruppeleiarane idear til utviding av veiledningsrepertoiret. Pedagogisk utviklingssenter tar ansvar for desse seminara.

Bruk av LUVIT som fellesforum blir prøvd ut. For deltakarane kan dette bli ein informasjonskanal, der materiell om Kvalitetsreformen kan samlast, og som ein idebank om studentaktive arbeidsformer og veiledning. For gruppeleiarane kan denne nettstaden også bli ein kommunikasjonskanal for utveksling av erfaringar.

Deltakarane innarbeider tid til deltaking i kollegagrupper, i sine arbeidsplanar, med 20 timar pr. semester

Gruppeleiarane reknar 40 timar pr. semester for arbeid med kollegagrupper. Den utdanninga dei høyrer til får refundert for denne tida av sentrale midlar.

Se brev til studieledere angående påmelding til kollegaveiledningsopplegget.

Gerd Bjørke

Oppdatert
05.06.03