Hopp til innholdMeny

Idrett

Likar du å vere fysisk aktiv? På idrett årsstudium lærer du korleis du skal leie, organisere og tilpasse aktivitetar for små og store grupper både inne og ute. Vi brukar den storslåtte naturen i Sogn og dei gode lærings- og treningsfasilitetane på Fosshaugane Campus i undervisninga.

Fem skikøyrarar på fjelltopp med utsikt over fjell og fjord
Som student i Sogndal har du nær tilgang til spektakulær natur.

Studieinnhald

Studiet har omtrent like mykje praktisk som teoretisk undervisning.

Du lærer om

  • ballspel, friidrett, dans, svømming, orientering, ski, friluftsliv og andre aktivitetar
  • idrett og samfunn
  • rørslelære, anatomi og motorisk læring
  • trenings- og undervisningslære

Det breie og aktive idrettsmiljøet i Sogndal med klatrevegg, kort veg til Sogndalsfjella og Jotunheimen og lang snøsesong, dannar ei unik ramme for idrettsstudia våre.

Studieplan

I studieplanen finn du informasjon om korleis studiet er bygd opp, oversikt over emner pensum med meir. Les den!

Undervisningsmåtar

Du lærer gjennom forelesingar, gruppearbeid og individuelt arbeid. Undervisninga foregår inne og ute. I dei praktiske emna vil det metodiske grunnlaget vere sentralt, saman med eigeninnsats og meistring av sentrale rørslemønster.

Du har 2 veker praksis.

Fakta om studiet

Studiestad:
Sogndal
Studielengd:
1 år
Studiepoeng:
60
Nivå/grad:
Årsstudium
Opptakskrav:
Generell studiekompetanse eller realkompetanse.
Krav om politiattest
Poenggrense ved siste opptak:
Ordinær kvote: 39,0. Kvote for førstegangsvitnemål: 36,8
Studiekode:
216 185
Søknad frå:
01.02.2015
Søknadsfrist:
15.04.2015

Ofte stilte spørsmål om søknad og opptak