Kroppsøving 1, 1-7
Studiet passar for deg som er lærar i grunnskulen, og som treng påfyll og oppdatering på nye rammeplanar innanfor kroppsøvingsfaget.
Studieinnhald
Du lærer
- om kroppsøvingsfaget, eigenart, kroppsøvingslærarrolla, faglege og fagdidaktiske vurderingar knytt til undervisning og læring i kroppsøving
- korleis kroppsøving komplimenterer dei grunnleggjande ferdigheitene
- korleis fysisk aktivitet kan brukast til å fremje kroppsleg utvikling, læring, kreativitet og rørsleglede
- å leggje til rette for og leie læringsarbeid i aktivitetane
- planlegge, gjennomføre og kritisk vurdere undervisning i kroppsøving
- om elevvurdering i kroppsøvingsfaget
- praktiske aktivitetar knytt til leik, idrett, dans og friluftsliv (nærmiljøaktivitetar)
Studieplan
I studieplanen finn du informasjon om korleis studiet er bygd opp, oversikt over emne, pensum med meir. Les den!
Undervisningsmåtar
Du lærer gjennom forelesingar, praktiske timar, turar, ekskursjonar og gruppearbeid. Studiet er samlings- og nettbasert, med obligatorisk oppmøte.
Mellom samlingane vil det vere oppgåvearbeid med fagleg oppfølging. Kommunikasjonen vil gå føre seg gjennom bruk av e-læringsverktøyet Fronter og andre digitale kommunikasjonsverktøy.
Fakta om studiet
- Studiestad:
- Voss
- Studielengd:
- 1 år deltid
- Studiepoeng:
- 30
- Nivå/grad:
- Vidareutdanning
- Opptakskrav:
- Lærarutdanning (allmennlærar, grunnskulelærar, faglærar, førskulelærar eller praktisk-pedagogisk utdanning).
- Studiekode:
- 216 1582
- Søknad frå:
- 01.02.2015
- Søknadsfrist:
- 15.04.2015