Matematikk 1, 1-7
Dette er ei vidareutdanning for deg som er lærar, og som ønskjer undervisningskompetanse i matematikk. Studiet er eit obligatorisk fag i grunnskulelærarutdanninga for 1.-7. steg.
Studieinnhald
Studiet gir deg eit matematisk og didaktisk grunnlag for å undervise i matematikk på barnesteget.
Sentrale tema er
- tallære
- algebra og funksjonslære
- geometri
- statistikk og sannsynsrekning
Studieplan
I studieplanen finn du informasjon om korleis studiet er bygd opp, oversikt over emne, pensum med meir. Les den!
Undervisningsmåtar
Studiet er nett- og samlingsbasert, med 3 samlingar per semester. I tillegg til samlingane, blir det nettundervisning og lokalgruppesamlingar der du deltar heimefrå ved hjelp av nettkonferanseverktøyet Adobe Connect.
Fakta om studiet
- Studiestad:
- Gardermoen
- Studielengd:
- 1 år deltid
- Studiepoeng:
- 30
- Nivå/grad:
- Vidareutdanning
- Opptakskrav:
- Lærarutdanning (allmennlærar, grunnskulelærar, faglærar, førskulelærar eller praktisk-pedagogisk utdanning)
- Studiekode:
- 216 1009
- Søknad frå:
- 01.02.2015
- Søknadsfrist:
- 15.08.2015