Matematikk 3
Denne vidareutdanninga bygger på Matematikk 1 i allmennlærarutdanninga/ grunnskulelærarutdanninga.
Studieinnhald
Du fordjupar deg innan matematikkdidaktikk, med vekt på kjenneteikn og utfordringar ved læring og undervisning i matematikk, og emne som står sentralt i rein og anvendt matematikk.
Dette blir konkretisert gjennom arbeid med seks tema:
- Talteori
- Algebra
- Geometri
- Undervisnings- og arbeidsformer i matematikk
- Problemløysing
- Bevis
Studiet inneheld nokre tema frå den tidlegare vidareutdanninga matematikk 2. Ta kontakt med fagansvarleg for spørsmål om dette.
Studieplan
I studieplanen finn du informasjon om korleis studiet er bygd opp, oversikt over emne, pensum med meir. Les den!
Undervisningsmåtar
Du lærer gjennom forelesingar, oppgåvearbeid, diskusjonar, studentpresentasjonar, gruppearbeid og undervisning i grupper med ikt som hjelpemiddel.
Studiet er samlingsbasert, med obligatorisk oppmøte.
Veit du at dette studiet kan inngå som eit fordjupningsemne i Master i læring og undervisning ved HiSF?
Fakta om studiet
- Studiestad:
- Sogndal
- Studielengd:
- 1 år deltid
- Studiepoeng:
- 30
- Nivå/grad:
- Vidareutdanning
- Opptakskrav:
- Lærarutdanning (allmennlærar, grunnskulelærar, førskulelærar, faglærar eller praktisk-pedagogisk utdanning) Tilleggskrav: Matematikk 1 eller tilsvarande.
- Studiekode:
- 216 1021
- Søknad frå:
- 01.02.2015
- Søknadsfrist:
- 15.08.2015