15 januar 2007
[logg inn]


Søk etter:  i
HSF topp-monster

Zambia

Klikk for større bilete

HSF knyter band til Zambia

Dekan Svein Heggheim på Avdeling for Lærarutdaning og Idrett reiste i slutten av februar månad til Zambia for å vidareutvikla kontakten med utdanningsinstitusjonar HSF har avtalar med.

Lærarstudentar har praksis i Afrika

Vi har so langt avtalar med fire forskjellige undervisnings-institusjonar i Zambia. Den første avtalen var med David Livingstone TeacherTraining College.

Rektor der har vore to gonger i Sogndal for å læra meir om samarbeidstemaet vårt, fådelt skule. Avtalen har for HSF sitt vedkommande fungert einsidig ved at vi har sendt studentar til Zambia. Vi har sendt allmennlærarstudentar som går 3. året og dei har hatt ein del av praksisen sin i Afrika. Dei studentane som har vore der, stortrivst og seier det er ei oppleving for livet. For skuleåret 2005 har vi tre studentar i Zambia, seier Heggheim som ser fram til å styrka banda mellom HSF og Afrika og primærmålet med reisa er å vidareutvikla avtalar. Heggheim opplever at det er stor rift blant studentane om å få reisa. Men han understrekar at dei har vurdert og vurderer sikkerheita nøye før dei sender studentar nedover.

Meir informasjon om samarbeidet finn du ved å klikka lenkja nedanfor: "Meir informasjon om ..."

Lærarutdanningsprogrammet Sør - Nord.

ALI/DALICE har fått pengar til å jobba med dette. Meir informasjon finn du her

Informasjon

»  Meir informasjon om samarbeidet med Zambia
 
»  Besøk frå Zambia april 2005 - program
 
»  Informasjon om studieopphald i Zambia
 


Sist endra av: Ane Bergersen, 10. januar 2007 19:37:40
Publisert av:   Guy Steffen Brun, 06. desember 2006 08:57:31

Høgskulen i Sogn og Fjordane Postboks 133, 6851 SOGNDAL. Tlf 57 67 60 00 Fax 57 67 61 00 E-post post@hisf.no

Copyright © 2006 Høgskulen i Sogn og Fjordane