16 november 2007
[logg inn]


Søk etter:  i

Informasjonsbehandling Utskriftsvennleg versjon

Klikk for større bilete

Høgskulen i Sogn og Fjordane tilbyr utdanning i Informasjonsbehandling i Sogndal. Arbeidsmåtane på studiet er varierte med mykje praktisk oppgåveløysing, og du får jobbe med ikt på godt utrusta datautstyr i trivelege lokale. Kvar student får eigen arbeidsplass med pc. Faglærarane på studiet er opptekne av at du skal få god oppfølging.

Du kan velje å starte direkte på eit treårig bachelorstudium eller starte meir forsiktig med å ta eit årsstudium. Ønskjer du å ta to år, kan du også gjere det. Uansett kan studiet telje med i ein bachelorgrad anten innan it/data eller i ein såkalla "fri" bachelorgrad.

På bachelorstudiet får du høve til å velje profil på studiet t.d. innan innan tradisjonell informatikk, organisasjon/leiing eller e-handel / marknadsføring.

Opptakskrav er generell studiekompetanse eller realkompetanse.

Omtale av alle emna i studiet finn du i menyen til venstre.

Les meir om bachelorstudiet i studiekatalogen.

Les meir om årsstudiet i studiekatalogen.



Sist endra av: Tom N. Pedersen, 16. november 2007 07:43:03
Publisert av: Guy Steffen Brun, 02. desember 2006 14:30:06

Høgskulen i Sogn og Fjordane Postboks 133, 6851 SOGNDAL. Tlf 57 67 60 00 Fax 57 67 61 00 E-post post@hisf.no

Copyright © 2006 Høgskulen i Sogn og Fjordane