16 januar 2007
[logg inn]


Søk etter:  i
HSF topp-monster

Databasar, helsefag

Her har me samla dei viktigaste databasane som HSF har tilgang til med helsefagleg informasjon. Ver merksam på at det kan finnast relevant informasjon i andre basar, så bruk også den generelle databaselista til biblioteket!

 

Academic Search Elite

Academic Search Elite er ein tverrfagleg database med fulltekst frå 1850 publikasjonar. Basen ligg under Ebsco.
I tillegg til fulltekst tilbyr basen også abstract frå 3250 publikasjonar. Inneheld mykje relevant stoff innan medisin og helsefag.

Studentar og tilsette utanfor datanettverket til HSF: Be om passord på biblioteket eller finn det i Fronter under "Biblioteket: Informasjonstavle"

   

AMED

AMED står for Allied and Complementary Medicine. Basen (som ligg under Ovid) registrerer artiklar innan alternativ medisin, fysioterapi, ergoterapi, rehabilitering, podiatri, tale- og språkterapi og palliativ pleie. Amed registrerer frå omlag 500 tidsskrift, dei fleste på engelsk. 1985-

   

Cinahl

Bibliografisk database under OVID, omfattar sjukepleie, helsefag og
tilgrensande fagområde. Dekker meir enn 1200 engelskspråklege
tidsskrift, dei fleste med samandrag (abstract), omfattar også ein del bøker og avhandlingar.
Frå 1982-. Frå og med 1994 ein del artiklar på andre språk.

   

Cochrane

Inneheld systematiske oppdaterte oversikter i fulltekst over og vurderingar av relevant forskning innanfor helsevesenet. Vert oppdatert kontinuerleg. Frå 1991- .

   

EMBASE

Ein referansedatabase innan medisin og farmakologi som ligg under Ovid. Hovudvekta av referansane er legemiddelrelaterte. Fagområde som vert dekt er: Legemiddelforsking, farmasi, farmakologi, toksikologi, medisin, biomedisin, helsepolitikk og -leiing, miljøhelse m.m. Basen er europeisk orientert. Bøker og konferanserapportar er inkludert i basen som inneheld referansar til over 5000 tidsskrift på fleire språk. Frå 1980-.

   

ISI

Internasjonal artikkel- og siteringsbase, i alt 3 basar:Science Citation Index Expanded (SCI: realfag, medisin og teknikk)Social Sciences Citation Index (SSCI: div. samfunnsfag)Art and Humanities Citation Index (A&HCI: kunst og humaniora)Frå 1986- .

   

ISI (tilgang heimanfrå)

Dersom du vil søke i ISI og er utanfor HSF -nettet, vel du denne inngangen! Be om passord på biblioteket eller finn passord i Fronter under "Biblioteket: informasjonstavle".

   

Medline

Bibliografisk database som dekker medisin og helsefag med referansar til meir enn 9 mill. artiklar frå om lag 3 900 medisinske tidsskrift. Inneheld alt materiale frå Index Medicus, Index to Dental literature og International Nursing Index. Ein stor del av artiklane har samandrag.

Studentar og tilsette utanfor datanettverket til HSF: Be om passord på biblioteket eller finn det i Fronter under "Biblioteket: Informasjonstavle

   

Ovid

Databasevert som inneheld basane AMED, Cinahl, EMBASE, OVID MEDLINE og PsycINFO . Referansar hovudsakleg til tidsskriftartiklar, men også til konferanserapportar, bøker, avhandlingar m.v.

   

ProQuest Medical Collection

ProQuest Medical Collection er ei samling tidsskrifter sett saman av tre ProQuest-basar. Mange er i fulltekst, men ikkje alle.

* ProQuest Medical Library (ca 600 titlar)

* ProQuest Nursing Journals (ca 500 titlar)

* ProQuest Psychology Journals (ca 450 titlar)

   

PsycINFO

Referansedatabase innan psykologi og beslekta emne (medisin, psykiatri, sjukepleie, sosiologi) under Ovid. Hovudinnhaldet er referansar til artiklar frå nesten 2000 tidsskrift på 35 språk. Nesten alle tidsskrifta er underlagt fagfellevurdering (peer review). Bøker og avhandlingar er og med, og referansane har samandrag på engelsk. Databasen dekker informasjon frå 1972-.

   

PubMed

Database frå National Library of Medicine med tilgang til over 12 mill. referansar frå Medline. Frå omlag 1965-.

   

SveMed

Svensk artikkelbase innanfor emneområda medisin, odontologi, helse- og sjukepleie. Hovudsakleg svensk og engelskspråkleg materiale, men også ein del dansk og norsk. Basen omfattar ein del norsk tidsskrift som ikkje blir analyserte i NORART. Frå og med januar 2003 er andelen analyserte norske tidsskrift monaleg auka. 1977-.



Sist endra av: Gerd Vik, 08. januar 2007 15:13:14
Publisert av:   Guy Steffen Brun, 03. desember 2006 16:06:54

Høgskulen i Sogn og Fjordane Postboks 133, 6851 SOGNDAL. Tlf 57 67 60 00 Fax 57 67 61 00 E-post post@hisf.no

Copyright © 2006 Høgskulen i Sogn og Fjordane