Samfunnsfag
Er du samfunnsengasjert, eller interessert i kvifor samfunnet er som det er? Årsstudium i samfunnsfag er ei god fagleg forankring som passar inn i mange yrke. Du lærer om fortida, slik at du kan forstå samtida betre.
Studieinnhald
Studiet er bygd opp av fire emne: nyare historie, eldre historie, globalisering, stat og samfunn og samfunnsvitskapleg metode.
Du lærer å
- forstå samanhengar mellom samfunn, styresett, levekår og globale spørsmål
- sjå hovudtrekka i norsk, europeisk og global historie
- kritisk vurdere historiefaglege og samfunnsvitskaplege tekstar
Studiet utgjer første år av bachelor i historie ved HiSF.
Studieplan
I studieplanen finn du informasjon om korleis studiet er bygd opp, oversikt over emne, pensum med meir. Les den!
Undervisningsmåtar
Du lærer gjennom forelesingar, gruppediskusjonar og oppgåveskriving med rettleiing.
Fakta om studiet
- Studiestad:
- Sogndal
- Studielengd:
- 1 år
- Studiepoeng:
- 60
- Nivå/grad:
- Årsstudium
- Opptakskrav:
- Generell studiekompetanse eller realkompetanse.
- Poenggrense ved siste opptak:
- Ordinær kvote: Alle kvalifiserte. Kvote for førstegangsvitnemål: Alle kvalifiserte
- Studiekode:
- 216 242
- Søknad frå:
- 01.02.2015
- Søknadsfrist:
- 15.04.2015