Ein annan god ting med å studere Matteknologi på Tunga er at alle lærarane/forelesarane er lett tilgjengelige for evt spørsmål eller liknande.
Sjølve studiet er ganske omfattande og med mange fag, det at du er innom så mange ulike tema fører til at du på ein måte berre kan "litt" om alt, i ettertid føler eg at dette er både styrken og svakheita til denne utdanninga.
Eg synest at det var for lite fokus på kvalitetssikring og internkontroll i forhold til kor relavant dette eigentlig vert i arbeidslivet til dei som er ferdig utdanna.
Etter at eg var ferdig med studiet i Mai 2004 fikk eg jobb som kvalitetsansvarlig på eit slakteri som heiter Ole Ringdal AS, bedrifta har ca 60 ansatte og driv med slakting, nedskjæring og produksjon av ferske kjøttvarer samt ein god del spekematproduksjon.
Bedrifta hadde tidlegare ikkje nokon som jobba med kvalitet på heiltid og utfordringane for meg som nyutdanna var difor store. Eg måtte starte frå grunnen av og bygge opp eit nytt kvalitetssystem, dette tok tid men det var veldig lærerikt både for meg og bedrifta.
Eg trur at den som har tenkt og ta dette studiet må vere motivert for hard jobbing, du kjem til å bruke mykje tid til øvingar, innleveringar og labarbeid, alt dette er obligatorisk. Men når eksamensdagen kjem så angrar ein ikkje på at ein måtte gjennom dette fordi alle øvingane, innleveringane og labarbeidet er direkte eksamensrelatert.
Eg trur at ein stor andel av alle som tek denne utdanninga får bruk for kunnskap om kvalitetssikring og internkontroll i jobbsamanheng etterpå, det er difor viktig at ein får med seg dette.
7004 Trondheim
Tlf.: 73 55 90 00
Faks: 73 55 90 51
E-post: postmottak@hist.no
![]() |
Høgskolen i Sør-Trøndelag 7004 Trondheim |
Tlf.: 73 55 90 00 Faks: 73 55 90 51 |
E-post: postmottak@hist.no |