Logg inn på HiT's nettsted (Classfronter og Arena har egen innlogging
Les e-post Arena høgskole Classfronter M-disken, samt fellesdisker Back to start-page Sitemap

AF / Studieguide / Eksamen

Eksamen

Eksamen

Ved studiestart må du sjølv melde deg opp til alle obligatoriske emne, alle valemne, og tilleggsemne du ønskjer å ta, jf. Studie-/fagplan på nettsidene. Du melder deg på emne, ikkje på eksamen. Vi overfører emnepåmeldinga til eksamenspåmelding.
I einskilde emne kan det vere obligatoriske innleveringar, fagansvarleg informerer om dette. Har du ikkje levert obligatoriske oppgåver, kan du ikkje gå opp til eksamen.

Oppmeldinga må vera gjort innan 20. september(haust)/20 februar(vår).

Vil du trekke deg frå eksamen, må du gjere det 7 dagar før eksamen. Ver merksam på at dersom du ikkje trekker deg frå eksamen, gjeld det som eksamensforsøk. Alt skjer via Arena høgskole.

Førebels eksamensplan blir slått opp på eksamenstavla i 1. etg. og på heimesida til Avdeling for allmennvitskaplege fag rundt semesterstart. Hugs å melde deg opp til konteeksamenar sjølv om dei ikkje står på førebels eksamensplan. Om det blir konte avheng av kor mange som melder seg opp.
Oppmeldingsfrist er 20. september/20 februar. Meld deg på via Arena på eksamenspåmelding.

Endeleg eksamensplan blir slått opp på eksamenstavla og på heimesida til Avdeling for allmennvitskaplege fag i midten av oktober/mars. Eksamensresultat blir lagt ut på Arena og hengt opp på tavla utanfor eksamenskontoret. Resultata blir ikkje opplyste over telefon. Det same gjeld kandidatnummer.

Eksamensforskrifta