IT-teneste og bruk av høgskolens datautstyr
Høgskolen har godt utbygd datanett og er knytt til internett via UNINETT’s høgkapasitet linjenett som gir svært gode høve til informasjonsutveksling med andre høgskolar, universitet, forskingsinstitusjonar og andre rundt om i verda.
Studiestad Bø har over 160 IT-arbeidsplassar tilgjengeleg for studentane. Studentar som reknar med å bruke mykje tid ved datamaskina, vil vere best tente med å ha tilgang til ei maskin også utanfor høgskolen. For dei som bur på studentsamskipnadens (SiTel) hyblar, er det mogleg å kople eigen pc til internett via SiTel’s lokalnett som er knytt opp mot høgskolens nett. Det gir tilgang til vanlege internettenester som e-post og web. Også ein del private hyblar har tilsvarande tilbod. For dei som har berbare PCar, er det mogeleg å nå tilsvarande internettenester via det trådlause nettet i høgskolebygget.
Brukarkonto opprettast automatisk for alle studentar som er registrert som opptekne ved høgskolen, men brukarkontoen må aktiverast. Det gjer studenten sjølv ved hjelp av ei eiga side på høgskolen sin web-tjenar eller ved å kontakte IT-tenesta på studiestaden. Ved aktivering av brukarkontoen stadfestar studenten at han/ho vil følgje dei retningslinjer som gjeld for bruk av datanettet. Reglar for bruk av høgskolens datautstyr er lagt ut på høgskolen sine web-sider. Her er og info om dei forskjellige tenestar høgskolen har for at studentane lett skal få tilgang til eigne data utanfrå, samt info om utskrift og kostnader knytt til dette. IT tjenesta har eit IT vaktkontor som alltid er bemanna i opningstida i semesteret, og som studentar og tilsette kan kontakte dersom dei har problem med bruk av dataverktøy og lignende. Her vil også studentar få hjelp til å få eigne maskinar kobla til høgskulens tråløse nett som dekker heile høgskolebygget og delar av Gullbring kulturanlegg. (Sjå ellers etter oppslag i IT-gangen)
Lenke til "IT-tjenester for studenter"
