Logg inn på HiT's nettsted (Classfronter og Arena har egen innlogging - se knapper til venstre for søkefeltet)
Les e-post Arena høgskole Classfronter M-disken, samt fellesdisker Tilbake til hovedsiden Sitemap

EFL / Folkekultur

Institutt for folkekultur (IF)

Institutt for folkekultur ligg i Rauland i Vinje kommune. Det er eit lite institutt med om lag 90 studentar og 12 fast tilsette. Dei faste lærarane har spisskompetanse innan sine fagfelt, både som lærarar og som utøvarar. I tillegg har studiet knytta seg til tradisjonsberarar i ulike fagområde.

Institutt for folkekultur har nasjonalt hovudansvar for høgare utdanning i folkekultur.

Studietilboda høver for utøvarar innan folkekunst og folkemusikk, for lærarar og for den som tek sikte på eit yrke innan allment kulturarbeid. Studia kan gå inn som ein del av ei læraradjunktutdanning og i ein bachelor-grad.