Logg inn knapp Logo Høgskolen i Telemark
Les e-post Arena høgskole Fronter M-disken, samt fellesdisker Back to start-page Sitemap
Banner
TUC / News / Astronomisk studiestart

Astronomisk studiestart ved HiT

Knut Jørgen Røed Ødegaard
Astronom Knut Jørgen Røed Ødegaard vil gi dei nye studentane ved Høgskolen i Telemark ein entusiastisk studiestart.

Med kjensdisastronom Knut Jørgen Røed Ødegaard som hovudtalar er det måndag klart for ein inspirerande og entusiastisk start på studieåret 2006 - 2007 ved Høgskolen i Telemark.

Det er rundt 2500 studentar som nå tar fatt på nye studium ved Høgskolen i Telemark. I tillegg kjem dei studentane som alt er i gang med fleirårige studium.

Åpningsarrangementet går på omgang mellom dei tre største studiestadene i Telemark. I år er den felles åpninga lagt til Porsgrunn.

Utanom hovudarrangementet er det lokale velkomsarrangement for dei nye studentane ved dei øvrige studiestadene Bø, Drammen, Notodden og Rauland.

I Bø er det Kristin Skogheim - kjend frå mellom anna "Melonas" - som held hovudtalen, medan Morten Lorentzen har denne oppgåva på Notodden. Han er låtskriver og tekstforfattar i "Hallo i Uken".

Ved alle studiestadene blir dei nye studentane tatt i mot av fadderar. Dette er "gamle" studentar som den første veka introduserer dei nye for studentlivet.

Sjå