Logg inn knapp Logo Høgskolen i Telemark
Les e-post Arena høgskole Fronter M-disken, samt fellesdisker Back to start-page Sitemap
Banner
TUC / News / King Lear til Bø

King Lear til Bø

TNT Theatre Britain gjester Høgskolen i Telemark med Shakespeares King Lear
TNT Theatre Britain gjester Høgskolen i Telemark med Shakespeares King Lear

Dei to siste åra har TNT Theatre Britain levert førsteklasses Shakespeare-forestillingar ved Høgskolen i Telemarks studiestad i Bø. Tyrsdag 30. august er teateret her igjen med King Lear.

TNT Theatre Britain, som turnerer i over 20 land og besøker fleire av dei store, internasjonale teaterfestivalane, viser med King Lear Shakespeares kanskje mørkaste og mest rystande drama.

Dette er tredje gangen opninga av haustsemesteret i Bø blir markert med dette ensemblet. Tidlegare har de levert gnistrande framsyningar av Hamlet og av Romeo og Julie. 

Høgskolen i Telemark ønskjer å gje eit spennande og annleis tilbod ikkje bare til eigne studentar og tilsatte, men og til annan skoleungdom i distriktet og til alle andre som har interesse for teater.

TNT Theatre Britain viser oppsetjinga i utandørsamfiet ved høgskoleanlegget i Bø. I tilfelle dårleg vèr, blir den flytta den til Gullbring Kulturanlegg. Elles på sin store turné med King Lear spelar ensemblet nesten utelukkande på gamle slott og borger rundt om i heile Europa.

Skodespelet blir framført på engelsk og handlar om Kong Lear, som på ubehjelpeleg vis fråseier seg sin kongeverdighet og slik fører seg sjølv, familien og landet sitt ut i den djupaste elende.

På denne måten skaper Shakespeare ramma for eit eksistensielt drama som har trollbunde publikum gjennom århundrer. Med drama, dans, musikk og høgt tempo gjer ensemblet samstundes spenningane og konfliktane tilgjengelege for eit moderne publikum.

Vi ønskjer alle velkomne til Høgskolen i Telemark - Bø tyrsdag 30. august. Billetter kan kjøpas eller reserverast i ekspedisjonen ved høgskolen (tlf. 35 95 25 11) eller kjøpast ved inngangen. Studentar og skoleelever betaler kr. 100, alle andre kr. 200.

Forestillingen er støtta av Avdeling for allmennvitskaplege fag ved Høgskolen i Telemark, Bø kommune og Bø videregåande skole.

Spørsmål om forestillinga kan rettast til Peter Fjågesund (tlf. 35 95 26 32, epost: peter.fjagesund@hit.no) eller Judith Torvik (tlf. 35 95 26 39, epost: judith.torvik@hit.no ).

Ensemblets heimeside: http://www.adg-europe.com/ gir meir informasjon.