Tradisjonskunst, master
Les mer i studie-/fagplan:Nivå / grad:
Master
2 år
120
I dette 2-årige mastergradsstudiet kan du velje om du vil arbeide med folkemusikk eller folkekunst. Studiet har ein utøvande profil. Målet er at du skal bli ein god utøvar innan folkekunst eller folkemusikk. Samtidig får du innsikt i tradisjonskunstens vilkår og kan reflektere kritisk over korleis den blir tatt vare på, brukt, vidareført, fornya og tolka i ulike miljø. Studiet består av innføringsemnet og mastergradsprosjektet.
Delemna i studiet:
Mastergradsprosjektet er eit sjølvstendig arbeid med individuell rettleiing. Undervisninga består av forlesingar og seminar og rettar seg mot førebuing av mastergradsprosjektet. Det blir lagt til rette for samlingar der studentar og lærarar kan drøfte framdrifta i prosjektplanane.
Studiet kvalifiserer for forskings- og utviklingsarbeid og kan gje grunnlag for opptak til doktorgradstudier. Du kan arbeide i kultursektoren, i media, kunst- og kulturinstitusjonar eller som utøvar innan folkemusikk og folkekunst/handverk.
Copyright © Høgskolen i Telemark