Kuratorarbeid - utstilling og formidling, årsstudium
Les mer i studie-/fagplan:Nivå / grad:
årsstudium
2 år
60
HiT i samarbeid med Norske Kunstforeninger og Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design planlegg nytt opptak til deltidsstudiet i kuratorarbeid frå hausten 2006. Studiet er bygd opp med 8 samlingar ulike stader i landet (2 i kvart semester). Fjernundervisning og kontakt med hjelp av e-læringssystemet ClassFronter.
Det er krav om eit visst antal påmelde for at studiet skal kome i gang.
Dette vil bli avgjort i månadsskiftet april/mai Søknadskjema (pdf)
Har du spørsmål? Ta kontakt: birgit.norendal@hit.no
Studiestad:
8 obligatoriske samlingar ulike stader i landet.
Kostnader:
Kostnader for studentane er kr 6 500 pr semester + reise og opphald ved samlingane + noko til undervisningsmateriell.
Samarbeidspartnarar
Studietilbodet er eit samarbeidsprosjekt mellom Høgskolen i Telemark, Norske Kunstforeninger og Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design.
Målgruppe og opptakskrav
Studiet er lagt opp for personar med tilknyting til ein kunstinstitusjon som med jamne mellomrom skipar til kunstutstillingar, anten dei er tilsette, engasjerte, tillitsvalde, praktikantar eller har andre faste eller mellombelse tilknytingsformer.
Studiet vil også eigne seg for dei som treng eit praktisk-teoretisk innslag i, eller supplement til, ei bachelor- eller masterutdanning i kunsthistorie, kulturarbeid, pedagogikk eller andre kulturfag, eller til ei kunstnarutdanning.
For opptak til studiet krevst i tillegg til generell studiekompetanse
- dokumenterte basiskunnskapar i norsk og europeisk kunsthistorie
- ei viss innsikt i, og helst også noko erfaring frå kunstfeltet
- tilgjenge til og dugleik i bruk av internett
- høve til å vere med på samlingar ulike stader i landet, ca 5 dagar i slengen
Praksisplass
I studietida skal studenten ha ein praksisplass ved ein kunstinstitusjon, der studenten skal utføre ein del av sine heimeoppgåver. Praksisstaden kan for eksempel vere eit museum, ein kunstforening, ein kunsthall, eit kunstnarsenter, eit privat galleri, eit kulturhus, i turneorganisasjonar eller andre typar institusjonar som regelmessig produserer og viser utstillingar. Det skal lagast ei avtale mellom studenten og praksisstaden (der studenten også kan være tilsett) om gjensidige pliktar og rettar i samband med studiet. Praksisstaden bør kunne gi rettleiing til studentane, eller rettleiing kan bli gitt utanfrå. Også studiet sine faglærarar vil fungere som rettleiarar.
Mål for studiet
Studiet vil gjere studentane betre i stand til å forstå, planlegge, arrangere og evaluere kunstutstillingar og formidlinga av dei. Det skal kvalifisere studentane for kuratorarbeid i vid forstand, i ein situasjon der det blir opna for nye tendensar og arbeidsformer på feltet:
-tverrfagleg arbeid i regionale og nasjonale nettverk
-visuell kunst i vid forstand: Biletkunst, kunsthandverk, design, folkekunst og arkitektur
-konseptutvikling og utstillingsdesign tilpassa ulike målgrupper og visingsstader
-prosjektorganisering og styring som arbeidsform og verkemiddel
-skoleretta formidlingsopplegg, særleg innanfor ”Den kulturelle skolesekken”
-digitale verktøy og internett, brukt både i informasjon og formidling
Vidare studievegar
Dersom ein fullfører alle fire fordjupingsemna, vil studiet gje i alt 60 studiepoeng innanfor universitets- og høgskolesystemet. Studiet vil kunne gå inn som ledd i ein bachelorgrad.
Innhald, oppbygging og samansetning
Studiet er delt opp i modular, med fire hovudemne og åtte obligatoriske samlingar. Studentane kan ta einskildmodular, men ved opptak vil studentar som ønskjer å ta heile studiet bli prioritert. Samlingane går føre seg ulike stader i landet, og blir gjennomført i nær tilknyting til kunstinstitusjoner på staden. Det siste hovudemnet er eit prosjekt, som helst skal gjerast på praksisstaden. Prosjektet skal planleggast under hele studiet.Mellom samlingane skal det gjerast obligatoriske heimeoppgåver, særleg i form av praktisk-teoretiske oppgåver på praksisstaden. Desse oppgåvene vil bli vurderte, og resultatet vil vere ein del av den samla vurderinga. Mellom samlingane skal pensum lesast.
Arbeids- og læringsformer
Studiet er delt opp i fire hovudemne, og kvart hovudemne i to til fire delemne, alt fordelt på åtte samlingar. Prosjektet vil ha ei felles samling, supplert med besøk av faglærarar på praksisstaden. Framfor kvar samling blir det gjeve obligatoriske øvingsoppgåver, etter kvar samling blir det gjeve obligatoriske heimeoppgåver som skal vere godkjende, og etter kvart hovudemne er det eksamen med graderte karakterar.
Under samlingane er det førelesingar, seminar, ekskursjonar, øvingar og samtaler.
HiT har eit IT-opplegg for kontakt mellom lærarar og studentar, ClassFronter, og det er ein føresetnad at alle studentar bruker dette. Det vil det bli undervist i bruk av ClassFronter på fyrste samlinga.
Tilhøvet mellom teori og praksis
Studiet er lagt opp som eit møte mellom teori og praksis, der praksis blir sett i lys av teorien og teorien i lys av praksis. Det gjer ein ved å arrangere samlingar ulike stader i landet, og knyte samlingane til viktige kunstinstitusjonar og ved at alle studentane har ein praksisstad der dei skal gjere sine praktiske og teoribaserte heimeoppgåver. Møtet med medstudentar, med lærarar, kunstnarar og andre som driv med formidling vil inspirere framtidig arbeid på dette fagområdet. Studiet vil derfor gje deltakarane eit personlig nettverk dei seinare kan dra nytte av.
Vurderingsformer
Det vil bli gjort undervegsvurderingar i form av individuelle heimeoppgåver som skal gjerast i tilknyting til praksisplassen og dokumenterast ved rapport eller oppgåvepresentasjon. Også skriftlege teoretiske oppgåver vil bli gjeve som heimeoppgåver. Vurdering vil òg bli gjort av praktiske øvingar, utførte arbeid, utstillingar og ekskursjons- og prosjektrapportar. Det skal leverast ei obligatorisk heimeoppgåve for kvart delemne. Oppgåva må vere godkjent før studenten kan gå opp til slutteksamen i hovudemnet.
Fagansvarlege:
Fyrsteamanuensis Dag Solhjell, HiT, seniorkurator Frithjof Bringager, Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design, kunsthistorikar Torild Gjesvik.
Copyright © Høgskolen i Telemark