Logg inn knapp Logo Høgskolen i Telemark
Les e-post Arena høgskole Fronter M-disken, samt fellesdisker Tilbake til hovedsiden Sitemap
Banner

IKT for humanistar

Fakta om studieprogrammet
Fagområde:
Språk, litteratur og historiske fag
Studiested:
Bø
Studiets varighet:
0 år
Antall studiepoeng:
20
Avdeling:
Avdeling for allmennvitenskapelige fag
Institutt:
IKH
Studiekode:
220936

Målgruppe og opptakskrav

Opptakskravet er generell studiekompetanse. Studiet vil bli tilbode i vårsemesteret og vil derfor passe godt for studentar som tar eit påbyggingsstudium i haustsemesteret. Studiet rettar seg også mot alle som ønskjer å gå vidare med studium innan språk, historiefag, kulturfag o.l. og skal gi grunnleggjande kunnskapar innan informasjons- og kommunikasjonsteknologi til bruk innafor dei humanistiske fagområda.

Mål for studieprogrammet

Formålet med studiet er å gje studentane ei grunnleggjande innføring i informasjons- og kommunikasjonsteknologi for humanistiske fag. Emnet gir teoretiske og praktiske kunnskapar for å kunne nytte aktuelle maskin- og programvaretypar i samanheng med fagleg arbeid innan desse faga, og legg vekt på å gi studentane eit kritisk perspektiv på IKT i kultur og samfunn.

Videre studiemuligheter

Studiet vil kunne gå inn i ein bachelorgrad med 20 studiepoeng, etter tid-for-tid prinsippet. Etter søknad kan heile eller delar av studiet gå inn som valemne i andre studium ved avdelinga. Ein kan ta andre emne saman med desse og dermed få eit heilt semesters studium.

Studieprogrammets innhold, oppbygging og sammensetning


IKT for humanistar
Emnekode Emnets navn S.poeng O/V *) Studiepoeng pr. semester
  S1(H) S2(V)
2720 Digital kultur, digitalt samfunn 10,00 O   10
2721 IKT som fagleg verktøy 10,00 O   10
3308 Vevpublisering 5,00 O   5
Sum: 10 25
*) O - Obligatorisk emne, V - Valgbare emne

Studiet er sett saman av 2 kurs som blir tilbode i vårsemesteret. Dei to kursa (10 + 10 studiepoeng) tek for seg eit kritisk perspektiv på utviklinga i bruk av digitale medium i kultur og samfunn, og undervisning i konkret bruk av moderne digital teknikk innafor dei humanistiske fagområda.

Ein kan ta eit 5 eller 10 studiepoengskurs i tillegg for å få fullt semester. Eit innføringskurs i informasjonsteknologi kan vere aktuelt å sette inn. Ein kan også kombinere med examen philosophicum eller andre emne frå dei humanistiske faga.

Vurderingsformer

Alle kursa vil ha eksamen i vårsemesteret, og avviklinga følgjer eksamensreglementet som er fastsett av Høgskolen i Telemark, bygd på "Lov om universitet og høgskolar". Sjå punktet "Vurdering" under omtalen av kvart kurs i studieplanen.

Pensum

Se: gjeldende emne

Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.